Elevane skal lære å handtere følelsar gjennom åra i grunnskolen. Det er mange meiningar om kva som er god handtering av følelsar. Nokre tenker at det å avleie eller dempe følelsar er lurt. Dette er ofte det ein sjølv lærte i oppveksten.
Når vi veit at følelsar er informasjon til oss, er det meir naturleg å tenke at vi skal legge merke til at ein følelse kjem, undre oss over kva den vil fortelje oss, og kva vi har behov for no for å ha det bra. Dette får elevane lære gjennom timane om dei ulike følelsane. Om vi demper eller avleier kan vi gå glipp av viktig informasjon.
Så er det også slik at følelsar av og til tek for stor plass, også etter at vi har lytta til dei, reflektert over dei, eller til og med har snakka med nokon om dei. Følelsar kan også dukke opp på tidspunkt der vi faktisk ikkje har anledning til å kjenne etter og reflektere over, eller snakke om, den akkurat no. Då er det lurt å kunne strategiar som retter fokus mot andre følelsar ei stund. Strategiar for å roe ned frykt, skape avstand frå det som gjer ein for sint, eller gjere noko vi likar sjølv om kroppen i utgangspunktet er trist.
Kva strategiar som er hjelpsamt vil variere. Det er fint om elevane får kunnskap om ulike måtar å hjelpe følelsar på, og moglegheit til å reflektere over kva som passar dei best når dei har ulike følelsar.
Under finn de ein plakat som viser tips om kva som hjelper ulike følelsar. Skriv ut Plakat som viser 12 hjelpeikon (PDF, 3 MB) om de vil ha den på klasserommet. Eller denne med tekst som er mest meint til vaksne: Plakat om å hjelpe følelsar - nynorsk (PDF, 440 kB) Plakat om å hjelpe følelser - bokmål (PDF, 441 kB)
Her er tips om korleis du kan bruke ikona saman med elevane:
De finn nokre filmar. De kan også bruke dei andre pustefilmane som ligg i Frosketid-mappa.
De finn også grå bokser med dei sosiale og emosjonelle ferdigheitene Å forstå og hjelpe følelsar.