Avsky er ein følelse som skal dukke opp for å varsle oss om at noko eller nokon ikkje er bra for oss, eller for flokken vår. Vi registrerer følelsen ved at ansiktet vårt krympar seg saman i misnøye, og vi trekker oss vekk frå det som vekker avsky. Vi kan kjenne kvalme og nesten ville brekke oss.
Avsky er ganske ukomplisert når det vi føler avsky for er mat som er dårleg, ekle lukter eller anna som varslar oss om at dette må vi ikkje ta på eller ete, for å unngå å bli sjuke. Men avsky kan vere svært komplisert når det som vekker avsky er andre menneske.
Avsky skal ikkje berre varsle om noko som kan gjere kroppen sjuk. Den kan også varsle når folk eller verdiar truar flokkane våre. Hos vaksne kan ein sjå det til dømes i fiendtleg innstilling mot innvandring, der enkelte ser med avsky på å ta i mot folk på flukt. Her representerer avskyfølelsen ei frykt mot kva innvandringa vil føre til i eigne flokkar.
I barneflokkar kan ein sjå slik avsky i forbindelse med mobbing og utestenging. Nokon blir definert som den som ikkje er bra nok til å vere med i fellesskapet, og avsky dukkar opp saman med andre mekanismar for å legitimere at barnet ikkje må få innpass. Slike gruppemekanismar verkar ofte utan at ein heilt er klar over kva som skjer, og barn som tidlegare har hatt venner og vore godt likt, kan plutseleg bli sett på med avsky.
Korleis kan du som vaksen hjelpe barn som kjenner avsky?
Noko av det viktigaste når vi skal hjelpe barn som kjenner avsky er å finne ut om avsky er ein smart/funksjonell følelse i samanhengen den dukkar opp. Om avsky er retta mot noko barnet helst bør ta avstand frå, og kanskje berre har ein litt kraftig reaksjon på, vil god hjelp vere å vise forståing og validere følelsen.
Dersom barnet blir nøydd til å tole å vere nær dette over tid, kan god hjelp i tillegg til validering innehalde praktiske vurderingar for korleis barnet kan få til dette. Er det lydar som skaper avsky kan kanskje større distanse eller øreproppar vere nyttig? Om det er lukter barnet reagerer på, kan ein finne ut om det er mogleg å fjerne kjelda til lukta, eller i verste fall ha tilgjengeleg noko som dekker over lukta. Om det er mat som vekker avsky, men som ikkje eigentleg er farleg å ete, kan ein vurdere om det er mogleg for barnet å sleppe å ete dette, og heller få i seg anna mat.
Dersom barnet føler avsky for andre barn eller vaksne, er avsky ofte ein lite hensiktsmessig følelse å ha. Det er likevel lurt å starte med å uttrykke forståing for at barnet føler det det føler. Ofte kan det hjelpe å forklare barnet kvifor andre er som dei er. Luktar dei uvant? Kanskje det er fordi familien lagar mat av andre ingrediensar. Lager dei lydar eller bevegelsar som barnet synes er ekle? Forklar at dette er noko barnet ikkje kan noko for, at barnet ikkje gjer det med vilje for å irritere andre.
Så treng barnet hjelp til å forstå at følelsen truleg har tatt feil av situasjonen. Det er heilt normalt, og ganske vanleg at følelsane våre tolkar feil av og til. Også avsky. Då kan vi lære følelsen å reagere annleis på noko. Det er ikkje heilt lett, og det kan gå litt tid, men det kan vere viktig og nyttig. Ofte vil det handle om å bli kjent med, og trygg på, den som vekker følelsen avsky. Få erfare at det å inkludere denne personen ikkje fører til at flokken går i oppløysing, eller at ein sjølv mistar sin trygge plass der.