På skolen får barn kunnskap som skal gjere det mogleg å fungere godt i samfunnet som unge og vaksne. Det er enormt mykje som skal lærast på 10 år, og det kan opplevast trongt om plassen for kva ein skal prioritere å bruke tid på. Er det då hensiktsmessig å bruke timar på å lære elevar om følelsar?
Om ein opplever at det er mykje som skal inn på kort tid, vil det vere ekstra viktig å prioritere kunnskap om følelsar. Følelsar kan ta stor plass i elevane, og då har dei ikkje kapasitet nok til å lære det dei skal i fag som matte, naturfag, KRLE, eller andre læringsområde. Nettopp fordi det er så viktig at elevane skal få kunnskapen dei treng i faga, er det viktig å også lære om følelsar!
Følelsar påverkar oss nemleg i svært stor grad. Hjernen vår er sett saman av tre delar, populært kalla overlevingshjernen, følelsehjernen og tenkehjernen. Tenkehjernen er superviktig for det meste av det elevane skal gjere på skolen. Problemet er berre at vi menneske er skrudd saman slik at følelsehjernen kan bestemme over, eller omtrent slå av, tenkehjernen når vi får sterke følelsar. Når vi for eksempel er redde, sinte, frustrerte eller triste sørger følelseshjernen for at vi blir opptatt med det. Då kan det vere nærast umogleg få til å rekne matte, svare på oppgåver, samarbeide med andre eller reflektere klokt. For at elevar skal kunne lære, må følelsane deira vere regulerte. Så enkelt og så vanskeleg er det.
Ofte vil elevane trenge hjelp frå vaksne til å regulere følelsane sine. Eller for å kome seg inn i toleransevinduet sitt som er det aktiveringsnivået vi må vere i for å fungere godt. Men etter kvart kan dei også lære å regulere seg sjølv. Når vi gir elevar grunnleggande kunnskap om følelsar på skolen, fører det til at dei sjølve betre kan kjenne igjen og sette ord på følelsar som tek stor plass og gjer det vanskeleg for dei å jobbe no. Dei blir også betre rusta til å kjenne kva dei har behov for då for å kunne jobbe igjen.
Slik vil det å lære om følelsar ikkje ta tid frå andre fag, men sørge for at tida ein jobbar med faga vert meir effektiv og konstruktiv. I tillegg har jo det å lære om følelsar ein viktig funksjon for å ivareta ei god psykisk helse, og kunne fungere godt saman med andre i kvardagen.