Iver er ein positiv følelse, den kan likne litt på følelsen glad, men har likevel nokre trekk som gjer den til ein heilt eigen følelse. Iver er ein kjempeviktig følelse for oss menneske, og den hjelp oss med alt frå å stå opp om morgonen, til å skape eller utvikle nye prosjekt og vedlikehalde relasjonar. Ein kan kanskje tenke på iver som ei slags drivkraft, den dyttar oss i ei bestemt retning og bidreg til at vi føler meining i livet. Av og til føler vi iver når vi er i flyt, altså når vi er veldig konsentrert om det vi driv med og nesten ikkje merkar kva som skjer rundt oss. Ein kan til dømes føle iver knytt til kreativitet, i sosiale settingar, når vi er publikum, når vi prøver noko nytt og spanande eller når vi gjer noko vi verkeleg meistrar godt. Nokre har lett for å føle iver, medan det hjå andre kan krevje litt meir før følelsen kjem. Vi kan føle iver som små, sprudlande drypp, eller i litt lengre periodar der vi konsentrerer oss djupt om noko vi liker. Iver gir oss informasjon om kva som er viktig for oss.
I kroppen kjennes iver gjerne lett og ukomplisert. Vi kan bli trippande, dansande eller sjå meir rolege ut på overflata (sjølv om det boblar på innsida). Fordi iver gjerne kjem når vi er opptekne av noko utanfor oss sjølve, er det ikkje alltid vi kjenner så nøye etter i kroppen. Vi er berre her og no i det vi driv med, eller i det som skjer rundt oss. Vi kan ofte få nye idear når vi føler iver, og nokre av oss blir meir impulsive. Andre gongar kjem iver saman med djup konsentrasjon, og vi har tenkehjernen godt kopla på saman med iveren.
Korleis kan du som vaksen støtte eit barn som føler iver?
Sjølv om iver tilsynelatande kan høyes ut som ein lite komplisert følelse, er denne også lur å validere. Er vi gode på å sjå, inntone oss og validere ivrige barn, er vi med på å bygge opp sjølvbilete og sjølvkjensle på ein god måte.
Skoledagane kan krevje mykje stillesitting og konsentrasjon om andre ting enn det ein sjølv har valt. Dei stundene elevane viser iver kan vere viktige for at dei skal oppleve dagen meiningsfull og gøy. Å legge merke til, og legge opp til, aktivitetar som vekker iver i elevane kan gjere læringsmiljøet betre.
Og så må vi jo sjølvsagt nokon gongar stoppe ivrige barn fordi det som gir dei iver ikkje passar inn i det rommet, eller den aktiviteten vi skal drive med akkurat no. Om grensesetting då kan kombinerast med validering forstår barnet at det ikkje er slik at iver er feil, men at det ikkje passar akkurat her og no: «No ser eg at de to har det kjempegøy med dette spelet! Så kjekt at de fann ut at de begge likar dette! No skal vi til med noko anna, så de må nok avslutte, men etterpå kan de gjerne starte oppatt!»