Del elevane inn i gruppe på 3-4 elevar
Alle står klare når du leser opp ein situasjon. Dei skal bli einige om kva følelsar det er naturleg å få i denne situasjonen, velje ein elev som skal vise denne. Alle samarbeider om å få fram følelsen på ein best mogleg måte.
Om gruppene har valt ulike følelsar eller ulike måtar å vise dei på, er det heilt naturleg. Vi reagerer ulikt, så det er ingen fasit.
Situasjonar gruppene kan jobbe med:
- Du går aleine heim i mørket litt seint. Det er ingen rundt deg. Plutseleg høyrer du eit skummelt skrik. Kva følelse får du og korleis ser du ut da?
- Du har lenge ønska deg ei veldig kul bukse som mange har, men du har ikkje fått den. No fekk vennen din også denne buksa. Kva følelse har du og korleis ser du ut da?
- Du har tatt noko frå nokon i familien som du ikkje hadde lov til. No oppdagar dei at det er borte. Kva følelse har du og korleis ser du ut?
- Du har spelt kamp og skåra målet som gjorde at laget ditt vann. Kva følelse har du og korleis ser du ut?
- Du har fortalt kven venninna di er forelska i utan å ha lov til det. No har alle fått vite det og dei ertar ho for det. Kva føler du og korleis ser du ut?
- Alle skulle få kake, men når det vart din tur var det tomt. Du ser at fleire hadde tatt to kakestykke. Kva føler du og korleis ser du ut?
Om de jobbar med denne etter de har lært litt om følelsar sine beskjedar og behov, kan de jobbe vidare i kvar situasjon. Elevane kan snakke saman om «Kva trur de følelsen prøver å fortelje her?» og «Kva har vi behov for når vi kjenner det sånn?».