Hjertehjul med informasjon om følelsen skam. (PDF, 378 kB)
Skam er ofte ein vanskeleg følelse å forstå hos andre, fordi den er så subjektiv. Det er vanleg å skamme seg for ting som andre absolutt ikkje tenker at ein bør skamme seg for. Å vere flau er ein mild variant av skam, og vi veit at nokon blir mykje lettare flaue enn andre.
Den viktigaste funksjonen skam skal ha, er å sikre at vi menneske får høre til i flokkane våre. Når vi har gjort noko dumt er det lurt å kjenne og vise skam, for å kunne gjere det godt igjen og dermed fortsette å vere del av flokken.
Diverre er det vanleg at vi kjenner skam utan av vi har gjort noko dumt, og då blir det problematisk. Der skam er effektivt for at vi kan reparere relasjonsbrot når vi har gjort noko dumt, har skam ingen nytteverdi når den kjem for noko vi sjølv ikkje har ansvar for.
Det er vanleg å kjenne skam meir for den ein er, enn kva ein har gjort. Skam for å ikkje vere god nok til dømes. Ofte er dette ein følelse som er påført oss gjennom korleis andre har snakka til oss, sett på oss, møtt oss. Det er ikkje uvanleg at det er offeret som kjenner skam, og ikkje den som utøver den andre smerte.
I møte med barn kan skam vere vanskeleg å oppdage. Skam blir ofte skjult av sekundærfølelsar som sinne og tristheit eller at eleven prøver å «bli usynleg». Når barnet ikkje uttrykker skam, eller viser skam til oss gjennom synlege teikn, er det vanskeleg for oss å hjelpe med det reelle behovet. Så kva gjer vi då?
Om vi klarer å huske at vanlege følelsar som sinne og tristheit ofte skjuler skam, er vi godt på veg. Spørsmål som «Korleis har du det eigentleg? Fortell.» kan gi mykje informasjon. Fokus på korleis eleven har det, ikkje korleis eleven oppfører seg er også bra. Mange elevar med skam vil også sei ting som «Eg er dum!» «Eg får ikkje til nokon ting eg!» Dette er gode invitasjonar til felles utforsking. I staden for å avkrefte med «Det er du vel ikkje, du er jo flink til sånn og sånn og sånn…» kan vi med fordel validere følelsen først. «Er det slik du kjenner det? Det må vere vondt å kjenne det slik». «Kjenner du det slik ofte?» «Det er ganske vanleg å kjenne det slik» Når vi har anerkjent med inntoning til følelsen, kan vi gå vidare og sjekke ut om eleven sin følelse har forstått situasjonen riktig. Ofte vil eleven kjenne skam fordi nokon andre har gjort eleven ting utan å ha tatt ansvaret for det. Då treng eleven hjelp til å få plassert skulda på dei som er ansvarleg. Kanskje gjer eleven det eigentleg bra, men har for store forventningar på seg til kva nivå ein skal prestere på? I så fall kan vi snakke med dei vaksne heime om dette. Eller er det noko eleven har lyst å meistre betre? Og er det noko vi vaksne kan hjelpe med for at eleven skal lukkast med dette?
Skam kan også førebyggast i skule ved å vere god på å jobbe med mangfald og innanforskap. Jobbe med verdiar og haldningar, slik at alle kan kjenne seg gode nok som dei er. Det at vi vaksne viser tydeleg at vi likar elevane slik dei er gir også god hjelp til å klare å like seg sjølv.
Følelseskompasset om skam