Følelsen skyld, eller skyldfølelse, er ein følelse vi kan sjå hos småbarn frå 2-3 års alderen.
Skyld er i utgangspunktet ein vond følelse, og den kjem som regel når vi har gjort noko som blei gale eller dumt for nokon andre. For å føle skyld, må vi vere klar over og bevisste på det vi har gjort. Skyld kan ofte kjennast som vondt i magen, indre uro, tung kropp eller vondt i brystet. Skyld har ein del like trekk med følelsen skam. Likevel har dei vesentlege skilnadar. Der skam gjer at du vil gøyme deg og forsvinne, gjer skyldfølelse at du gjerne vil reparere, vise at du angrar eller bli venar igjen. Der skam gjer at ein trekk seg unna andre, gjer skyld at ein i større grad nærmar seg andre. Skyld er følelsen av å ha gjort noko feil, medan skam er følelsen av å vere feil.
Det er sunt å kunne føle skyld i riktige situasjonar, og særleg dersom skyldfølelsen fører til at vi nærmar oss andre for å reparere eller seie unnskyld. Det er likevel ikkje alltid vi har verktøya, eller føler oss i stand til å vere så sårbare som det krev, for å seie unnskyld eller vise anger. Då kan det vere lettare å late som ingenting, eller gøyme oss litt. Dette gjeld ofte barn, då dei enno ikkje har utvikla evne til refleksjon på same nivå som (dei fleste) vaksne. Viss vi går med mykje skyldfølelse over tid, utan å gjere noko for å reparere det som hende, kan det skape trøbbel for oss og i sin ytste konsekvens bidra til at vi får ulike helseplagar.
Av og til føler vi skyld sjølv om vi ikkje direkte har gjort noko gale. Vi kan til dømes føle skyld for at vi har andre følelsar som sinne eller glede. Kanskje har du opplevd å føle deg skyldig for å vere glad når andre har det vanskeleg? Eller fordi du blei sint, sjølv om det kanskje eigentleg var på sin plass å bli sint der og då? Andre gongar har vi mykje skyldfølelse fordi vi har sett alt for høge krav til oss sjølv. Dersom ein ser at ein sjølv, eller kanskje eit barn på skolen, har eit mønster med å føle for mykje skyld, kan det vere nyttig å undre seg litt over kva det eigentleg handlar om.
Korleis kan du som vaksen støtte eit barns om føler skyld?
Når barn føler skyld er det først å fremst viktig at du som vaksen kan møte barnet på ein undrande og open måte. Det skjer ofte konfliktar i skolekvardagen, og detaljane i desse kan vere vanskelege å få med seg. Då er det fint å høyre litt med barnet eller barna om kva som eigentleg skjedde. Vidare er det viktig at vaksne kan validere skyldfølelsen, og seie at det ikkje er rart dei føler det slikt. Kanskje kan du også seie noko om at slik har du også følt det før. Du treng ikkje validere handlingane til barnet, dersom det har gjort noko som ikkje var greitt, men følelsen bør vi alltid prøve å validere.
For mange barn kan det vere vanskeleg å sjølv ta initiativ til å gjere det godt igjen, innrømme anger eller seie unnskyld. For å gjere dette må ein tørre å gjere seg sårbar, noko som kan vere veldig skummelt (for både store og små). Då er det fint at vi vaksne kan hjelpe til og vise at det er trygt. Her må vi vere obs på at vi ikkje pressar fram ei unnskyldning barnet ikkje er klar for, og ordet «unnskyld» treng faktisk ikkje alltid vere involvert. Dersom barnet har tatt noko frå eit anna barn, er det kanskje nok å hjelpe barnet til å gi det tilbake og til spørje om det andre barnet vil leike saman igjen. I tillegg bør vi sjå an kor emosjonelt aktivert barnet er, det fungerer best å reparere når ein føler seg relativt roleg. Hugs også at vi vaksne kan hjelpe barn kvar dag med å vere gode rollemodellar. Dersom vi viser at det er trygt å greitt å reparere relasjonar etter at vi har gjort noko som blei feil, vil barna rundt oss også lære at dette er greitt.
Sjå gjerne filmen om å validere følelsar, om forvirrande følelsar, og om å reparere relasjon.