Trist - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen trist. (PDF, 377 kB)

 

Det er vanleg å møte elevar som gret på skulen. Nokre er lette å trøyste, dei treng ein varmt blikk, eit varsamt stryk på skuldra, ein klem eller nokre ord som fortel at vi forstår. Andre er nærast utrøystelege, og må etter kvart lurast i gang med aktivitet for å kome ut av gråten. Nokre er triste stadig vekk, og andre har vi aldri sett trist nokon gong. Nokre er triste for ting vi forstår godt at dei er triste for. Vi opplever at reaksjonen står i forhold til det dei har opplevd, og det gjer det lett for oss å kjenne empati og trøyste. Andre «gret for ingenting», og etter litt venleg trøyst frå oss kan vi kanskje kjenne irritasjonen stige over at dette burde dei faktisk slutte å grine for? Vi forstår ikkje, og opplever at det vi gjer ikkje nyttar.

Alle grunnfølelsane våre, til dømes trist, kan vere både primære og sekundære. Trist er oftast knytt til tap; at vi har mista noko eller saknar noko, i vid forstand. Eg kan vere trist fordi eg har dumma meg ut, og dermed tenker eg har mista vennane mine. I møte med den triste eleven tonar vi oss inn på følelsen (styrkegrad 3-4 av trist i stemme, kropp og ansikt) validerer følelsen og seier at vi forstår. Om eleven treng hjelp til løysing kan det både handle om kva ein gjer med det som kanskje er tapt, og det å med verdigheit gå tilbake til flokken. Det er her vi ofte blir opptatt av å skjule tårer, rette opp ryggen og putte på eit smil.

I vår kultur har ikkje gråt høg status, og difor tenker vi at det er god hjelp å vere med å skjule at ein har vore trist. Samtidig er gråt kroppen sitt eige hjelpemiddel i møte med smerte. Det forløyser oxytocin som gjer at vi kjenner oss betre etterpå. Kan vi snakke med elevane våre om kor bra det er for oss å gråte litt når vi er triste? Og at det ikkje er noko vi treng å skjule? Gråt er ikkje pysete, eller noko vi skal skamme oss over. Gråt er sunt og nyttig for oss, i dei situasjonane vi treng det.

Trist kan altså også vere sekundærfølelse. Det kan skjule sinne, skyld, skam eller frykt. Når elevar er ofte lei seg utan at vi heilt forstår kvifor, kan det vere lurt å forske litt saman med eleven. «Brukar du ofte å kjenne det slik som no? Når kjente du det sist? Er det andre ting du går rundt og tenker på, noko som er vondt eller vanskelig i livet ditt? Du har lov å sei det til oss. Vi skal gjere det vi kan for å hjelpe deg. Er det eventuelt andre du kan snakke litt med? Kanskje du har lyst å snakke litt med helsesjukepleiar?» Om vi finn ut kva som ligg under kan vi hjelpe eleven med det som er det eigentlege problemet, for det å hjelpe sekundærfølelsane er ikkje like effektivt.