Tema for kvar månad
Vi har valt å lage eit opplegg der alle elevar på skolen jobbar med det same temaet kvart år.
I tillegg til undervisningsmateriale for elevane har vi laga sider for kvart tema til vaksne. Dette er viktige sider for refleksjon og handlingskompetanse. Det er ikkje tenkt som lærar-rettleiing, for timane for elevane er moglege å gjennomføre utan å ha lest desse sidene. Det er likevel viktig å jobbe med sidene for dei vaksne i forkant av kvart tema for å få best resultat av å bruke Livet&Sånn.
Innhaldet i kvart tema er valt ut i tverrfagleg samarbeid. Kunnskapsløftet har ein del kompetansemål som er relevante for desse timane, men i tillegg har vi inkludert ein del som psykologar, barnevernspedagogar, helsesjukepleiarar, sosionomar, spesialpedagogar, lærarar og andre har vurdert viktig for å styrke barn og unge si psykiske helse. Sjølv om mange av desse temaene ikkje er nye i skulen er innhaldet sterkt prega av psykologfagleg og helse- og sosialfagleg tankegang. Dei representerer såleis nytt innhald i skolen.
Følelsar
I Kunnskapsløftet sin overordna del står det at Folkehelse og livsmestring som tverrfaglig tema i skolen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse. Aktuelle områder innenfor temaet er blant anna å kunne håndtere tanker, følelsar og relasjonar. Likevel er ordet følelse knapt nemnt i eitt einaste kompetansemål. I Norsk heiter det: «I norsk handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å utvikle elevenes evne til å uttrykke seg skriftlig og muntlig. Dette gir elevene grunnlag for å kunne gi uttrykk for egne følelser». Men det å vere god på å uttrykke seg muntleg og skriftleg i norsk er ikkje det same som å vere god på å forstå følelsane sine og vere komfortabel med å snakke om desse!
Når vi bygde opp Livet&Sånn var difor den tydelege anbefalinga frå fleire faggrupper at vi likevel skulle prioritere å lage gode undervisningstimar om følelsar. No ligg der fleksibelt materiell til å lære elevar om mange ulike følelsar etter alder og modning. Vi anbefalar at elevane får lære om følelsar minst ein gong på småtrinnet og ein gong på mellomtrinnet, men gjerne oftare.
Det er ofte slik at det ein fokuserer på om følelsar er korleis ein ser ut, kanskje kva ein kjenner ulike stadar i kroppen, og deretter på kva ein kan gjere for å dempe den aktuelle følelsen. Vi vil lære elevar og deira vaksne at følelsar er viktig informasjon til oss. Dei gir oss viktige beskjedar om kva vi reagerer på og dei seier noko om kva vi treng. Difor valte vi å lage hjertehjulet i samarbeid med psykologar. Hjertehjulet kan du lære meir om her.
Frosketid
Vi er ulike og treng ulike verktøy for å ha det bra i kvardagen. Nokon har stor nytte av strategiar der ord ikkje er viktige. Elevar kan difor lære å bruke pusten sin, kroppen, bevegelse og musikk for å kjenne seg betre.
Frosketid kan du lese meir om her.
Det er mange måtar å bruke dette på. Mellom anna anbefalar vi å bruke Frosketid:
- Som oppstart av morgonen
- Etter langfriminutt om elevane er høgt gira
- Midt i ei lang arbeidsøkt for å få energi
- Heime ved leggetid
- Ved behov for endring av tilstand
Til læraren
Dette er sida du er inne på no. Denne sida kom til etter kvart fordi vi såg at der var behov for lett tilgjengeleg rettleiing av korleis ein bruker Livet&Sånn.
Personalkurs inneheld både veldig korte (20 minutt) og lengre (60 minutt) videobaserte kurs de kan bruke i personalgruppa. Vi anbefalar at de brukar desse også når de brukar Livet&Sånn med elevane, då dette er minst like viktig for å styrke og fremme elevane si psykiske helse som at dei sjølv får lære folkehelse og livsmeistring.
Temamøte for heimane er også svært viktig å bruke meiner vi. Eitt møte pr trinn. Kombiner dei gjerne med andre informasjonsmøte de skal ha med heimane, og set av litt tid på slutten til å bruke dette opplegget. Det krever nesten ingen planlegging, og møteleiar treng ikkje noko spesiell kunnskap for å lede møtet. Også FAU-representant kan gjere dette om det er lettare å få det til slik.
I Godt samarbeid med heimane finn de to videoforedrag om temaet oggein samtalemodell som kan vere nyttig å jobbe med i personalet.
I Trygt her! finn de verktøy de kan bruke for å jobbe med trygt og godt skolemiljø.