Dette er ei økt det kan vere fint å bruke litt tid på. Etter filmen som tek ca 4 minutt er det fint om de både jobbar med å bli medvitne kva som er summen av alle «grensene» som angår elevane på skolen og at de jobbar med korleis ein kan sette grenser på ein måte som fremmer god utvikling. Det bør settast av 30-45 minutt til denne økta.