Trygg på skolen

Eg kjenner meg trygg på skolen når - sjå pdf - Klikk for stort bilete

Når elevar kjenner seg trygge har dei betre utgangspunkt for læring og utvikling. Kva kan vere viktig å jobbe med på skolen for at elevar skal kjenne seg trygge? 

 

Eg kjenner meg trygg på skolen når (PDF, 154 kB) kan brukast til refleksjon for lærarar for å vurdere kva de gjer for at elevar skal kjenne seg trygge. Snakk gjerne saman i mindre grupper! Er det til dømes grep de bør gjere i friminutta for at alle skal ha det bra?

De kan også bruke arket som utgangspunkt for samtale med elevar og foreldre når nokon er utrygge. Til dømes kan det vere fint å bruke dette om eleven viser teikn som høgt fråvær, mykje plager med smerter utan tydeleg årsak, eller om eleven har angst.

Kryss av eller bruk grønn/oransje/raud for å markere kva eleven opplever stemmer og ikkje. Slik kan ein sjå kva vaksne kan forsøke å gjere annleis for at eleven skal kunne få det betre på skolen.

Sjå også Trygg i klassa for tilsvarande ark om skolemiljøet.