Alle heile tida

Grønn oval med teksta Alle heile tida - Klikk for stort bilete

Det viktigaste arbeidet for å forhindre mobbing, er det arbeidet vi gjer heile tida. Vi forhindrar ikkje mobbing berre ved å ha det som tema ein gong i blant, eller bestemme at vi er ein mobbefri skole. Vi har tidlegare forklart korleis mobbing kan oppstå fordi elevar ikkje får dekt grunnleggande behov på ein god måte. Godt arbeid mot mobbing handlar difor mest om å jobbe førebyggande for å dekke elevane sine behov på gode måtar.

I tillegg må vi alltid vere opne for at mobbing/plaging/krenking/utestenging likevel kan skje. Difor må vi sjå etter det og gripe inn med omsorgsfull kontroll når det skjer. Det kan gjerne gjerast omtrent slik:

Gripe inn og stoppe mobbing med omsorgsfull kontroll

 

Jobb førebyggande for å dekke desse grunnleggande behova:

 

Tekst: Vi har behov for å kjenne at vi høyrer til i flokkane våre. - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vi har behov for å regulere vonde følelsar. - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vi har behov for å oppleve meining og meistring i kvardagen. - Klikk for stort bilete