Med elevar på 1.-3. trinn Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar (samfunnsfag) samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre (norsk) samtale om hva menneskeverd, respekt, toleranse og samiske rettigheter betyr og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen (KRLE) sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer (KRLE) I overordna del av læreplanen står det også at «Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane.» Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Til læraren Innhaldet under her kan brukast når ein er bekymra for mobbing eller skadeleg gruppedynamikk blant dei yngste elevane. Det kan brukast som ein eller fleire timar, og det er fint å kombinere det med det som ligg i «Materiell frå andre de kan bruke». Vurder behovet i di gruppe, og sett saman det som passar for deg og dine elevar. Her finn du forklaringar til innhaldet: 1. Instruksjonar for lærar - Mobbing 1.-3. trinn (PDF, 294 kB) NB! Det er vaksne sitt ansvar at elevar skal ha det trygt og godt på skolen, og sleppe å oppleve mobbing og skadeleg gruppedynamikk. Det er ikkje meininga at elevar gjennom slike timar skal føle at dei får ansvaret for å stoppe eller forhindre mobbing. Det er fint om du minner elevane om dette i løpet av timen! Det er viktig at vaksne blir klar over det dersom nokon ikkje har det trygt og godt, og vi vaksne har plikt til å hjelpe slik at eleven får det trygt og godt igjen. Elevane kan gjere mykje, men det er vaksne som har ansvaret. Materiell frå andre de kan bruke 1.-4. trinn / Jeg vet Klassevenner - alle skal få være med – Sesong 1 – NRK TV Undervisningsopplegg_Klassevenner_Redd_Barna.pdf (nrk.no) Ingen Utenfor - undervisning for et trygt skolemiljø - Redd Barna Til heimane Denne veka har eleven din hatt om temaet mobbing. Under her ser du kva filmar dei har sett og kva dei kan ha snakka om. Sjå dei gjerne også heime og snakk saman om temaet der. Kanskje blir de invitert på temakveld for heimane? Når eleven din no har hatt om temaet mobbing er det uansett fint om du vil gå inn på denne lenka og sjå innhaldet som ligg der. Her finn du både filmar, tips og refleksjonsoppgåver som kan vere nyttige for heimane. Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Sjå filmen om Benny: Være venner – 6. episode (Sesong 1) – NRK TV Sjå filmen om Anton: Klassevenner - alle skal få være med – 2. Å hjelpe hverandre (Sesong 1) – NRK TV Bruk eventuelt bilda frå filmen: Bilder-til-undervisningsopplegg-Klassevenner_episode-2.pdf (reddbarna.no) Oppgåver til filmane i "Til læraren" Løysingshjulet for dei yngste nynorsk og bokmål (PDF, 256 kB) Med meir tekst i staden for illustrasjon: Løysingshjulet – nynorsk (PDF, 255 kB) eller Løsningshjulet – bokmål (PDF, 257 kB) Avslutte med ein dans frå NRK Super - BlimE! ? Sist endra 14.08.2023 20.51