Her finn du tre ulike øvingar som kan brukast for at elevane skal få kjenne på følelsar knytt til å forme/få plass/ikkje passe inne i grupper. Desse kan brukast i dei ulike timane i klasser som trivast med denne type øvingar, men de må ikkje bruke dei. Om du vil skrive ut og ha dei på ark kan du bruke denne: FAQ - Øvingar om passe inn i grupper (PDF, 101 kB)
1. Lage grupper i høgt tempo:
Elevane skal så raskt som mogleg lage nye grupper. Dei startar med å stå på ei rekke. Så ber du dei sjå på skoa/sokkane sine og finne andre som har samme farge på dei og gruppere seg med desse. Det same gjer de med farge på klede, hårfarge, augefarge og liknande.
Dei kan også danne gruppe ut fra kor mange søsken dei har, type kjæledyr (ingen må vere eit alternativ), favorittmiddag eller favorittaktivitet om sommar eller vinter.
Med ein gang gruppekjennetegnet er gitt skal elevene skunde seg å lage gruppene. Hald tempoet høgt. Om det blir for lett kan du be dei gruppere seg utan at dei får snakke med lyd.
Reflekter saman om korleis det kjennest å passe inn/høyre til og ikkje. Spør gjerne om elevane ser relevansen til det ekte livet, og om dei får tankar om kva dei kan gjere i kvardagen for å hindre at elevar må kjenne på følelsen av å ikkje høyre til.
2. Grupper der ikkje alle får plass:
Sei eit tal, for eksempel 5. Elevane går saman i gruppe på 5. Dei som ikkje får plass i ei gruppe set seg ned. Gi eit nytt tal, for eksempel 2. Elevane går då saman i grupper på 2. Og dei som ikkje får plass set seg ned. Gi nye tal til det berre er nokre få elevar igjen. Du kan bruke høge tal for at det skal gå fort, lave for å halde på lenger.
Snakk saman etterpå: Korleis er det å ikkje få plass? Kva følelsar kjenner vi medan vi forsøker å få plass? Liknar dette på noko som kan skje elles på skolen? Var det nokon som gjerne ville bryte instruksjonane for å lage plass til fleire?
3. Bryte koden (Inspirert av boka Sirkel)
3 elevar går ut på gangen før du gir instruksjonane til resten av klassa.
Klassa deler seg inn i tre grupper med tydelege ulike gruppe-kjenneteign som at alle i gruppa har blå bukser, alle sit i ei litt spesiell stilling, alle har same sveis, eller anna.
Fortel elevane på gangen at dei no skal gå inn ein etter ein når dei blir slept inn, og då skal dei prøve å finne ut kva gruppe dei høyrer til i og plassere seg saman med desse. Ingen skal snakke.
Refleksjon etterpå: korleis var det å kome inn og prøve å finne ei gruppe å passe inn i? Kva er relevansen til det verkelege livet? Korleis blir grupper til på skolen? Kva ulike typer grupper er de delar av? Kva bestemmer om ein får bli med i ei gruppe eller ikkje?