Denne veka har eleven din vore med på denne timen om utestenging. Du ser innhaldet i timen under her.
Utestenging er også eit tema som aktiverer følelsar i oss vaksne. Det er ein herleg følelse å sjå barnet sitt vere saman med venner, sjå den gjensidige relasjonen, gleda dei viser av å vere saman. Å sjå barnet sitt slite med vennskap, kanskje til og med aktivt bli ekskludert frå det som burde vore vennane deira, – gjer derimot kjempevondt. Samtidig opplever mange at det er svært vanskeleg å hjelpe barna sine med vennskap. I følgje rapporten Foreldrerollen er det å hjelpe barna med å bli likt/populær, og det å hjelpe barna sine til å bli sosiale og knytte vennskapsband med andre, det foreldre rapporterer som det 3. og 5. vanskelegaste av foreldreoppgåvene sine. Det er forståeleg at mange opplever det slik sidan vi som er foreldre er lite saman med barna våre dei timane dei er mest saman med andre barn.
Sjølv om vi ikkje er der barna våre er når dei er saman med andre, kan vi likevel hjelpe dei med vennskap. Vi kan invitere med andre barn heim, vere med på fellesaktivitetar, bli kjent med andre foreldre eller bidra i fritidsaktivitetar. Vi kan hjelpe barna våre med vennskap gjennom korleis vi pratar med dei om vennskap. Barn kan mellom anna trenge mykje hjelp til å tolke det dei opplever av utfordringar i vennskap, og hjelp til å kome på ulike handlingsalternativ å velje mellom for å løyse utfordringar.
Barn som opplever utestenging treng først og fremst at vi møter dei med støtte, omsorg og forståing. Vi veit at det oftast er heilt tilfeldig kven som blir utsett for slike ting, og at det sjeldan er så mykje barnet sjølv kan gjere for å unngå at det skjer. Når vi blir klar over at barna våre har slike vonde opplevingar bør vi difor møte dei med å validere følelsane deira, vise forståing, og gå i dialog med skolen om korleis dei kan bidra for at barnet skal få det trygt og godt. I slike prosessar er det viktig at vi huskar på at dette er kompliserte saker med mange ulike opplevingar av det som skjer/har skjedd. Sjølv om vårt barn treng å få ein trygg kvardag så fort som mogleg, er barnet vårt tent med at vi forstår at skolen må jobbe på ein slik måte at det også blir trygt og bra for dei andre involverte barna.
Å bli utestengt er ekstremt vondt og farleg. Difor skal vi alltid ta barnet si oppleving på alvor, finne ut av det, og jobbe for at barnet skal bli inkludert og få gode vennskap. Det er likevel viktig å skilje mellom det å bli utestengt/fryst ut/ignorert og det å ikkje bli valt inn i dei mindre vennegrupperingane ein eigentleg ønskjer plass i. Dette kan vere komplisert, men vi bør forsøke likevel.
Når barn er på skolen skal vi forvente at dei ikkje opplever utestenging. Her skal vi forvente at barna er gode skolevenner med kvarandre, at alle får vere med der dei ønsker å vere med, at alle blir møtt med snille, gode blikk, blir snakka med og inkludert.
Vi skal også forvente at alle (eller alle av same kjønn) i ei klasse blir invitert når det er selskap. På meir uformelle samlingar bør alle bli invitert dersom meir enn halvparten er invitert. Men så lenge det er eit mindretal av ei naturleg gruppe som skal noko, og dette skjer på fritida, kan vi dessverre ikkje forvente at alle skal få vere med. Vi kan forvente at dei som då har delt ei slik oppleving let vere å gjere eit stort nummer av det på skolen. Det kan også vere lurt å ikkje dele bilde på sosiale media, eller på anna måte søke merksemd på opplevingar berre nokon har delt og andre ikkje. Slike ting kan vi som foreldre absolutt hjelpe barna og ungdomane våre å handtere klokt.
Barn på mellomtrinnet blir meir selektive i kven dei vel som bestevenner. Akkurat som hos oss vaksne, handlar ikkje vennskap lenger om at dei går på dei same aktivitetane, bur på same stad eller går i same klasse. No handlar det om kven du trivast saman med, kven du stoler på, kven du føler tilhøyrsle med, kven som får deg til å le, eller kven som gir deg gode følelsar når de er saman. På same måte som når vi blir forelska i nokon som ikkje gjengjelder følelsen, kan vi også oppleve å ønske nære vennskap med nokon som ikkje ønsker oss tilbake. Det kan gjere akkurat like vondt også.
Når barna våre opplever denne type emosjonell smerte kjenner vi den godt i eigen kropp. Det kan vere freistande å forsøke å løyse det med å bli sint på dei andre barna eller deira foreldre, definere det som utestenging og krevje at eige barn skal bli inkludert i alle aktivitetar og avtalar. Men vi kan ikkje tvinge vennskap. Når barnet vårt intenst jobbar for å bli akseptert og ønska av nokon som stadig vel barnet vårt bort, bør vi gjere så godt vi kan for å hjelpe barnet/ungdommen med denne vonde følelsen. Validere den, vise at vi verkeleg forstår kor vondt dette er. Så kan vi reflektere litt saman om kva dette kan handle om, og ulike måtar å gå vidare på. Det å fortsette å kjempe for å bli likt av nokon som heile tida avviser deg er frykteleg slitsamt. Kanskje er det lurare å heller bruke tida si saman med andre barn? Kanskje verkar dei mindre spennande eller interessante i utgangspunktet, men det betyr ikkje at dei ikkje kan bli gode venner som gir mykje glede.