Forklaringar til innhaldet i timen: Instruksjonar for lærar - Om mobbing med elevane (PDF, 316 kB)
Innhaldet her kan brukast i ein skoletime, eller de kan dele det opp og jobbe med det fleire gongar. Det er i utgangspunktet tenkt å vere ein time som blir brukt når ein er bekymra for at det er mobbing, skadeleg gruppedynamikk, utestenging eller anna plaging i klassa. De kan gjerne også bruke den førebyggande.
Nedst på sida ligg det gråe bokser under overskrifta Psykologisk tryggheit. Desse ligg også på alle trinn i Trygg-timane i august. Bruk gjerne også av dette når det jobbar med temaet. Instruksjonsark til deg ligg i ei av boksene.
Etter denne timen skal elevane vite:
- at mobbing kan få svært store konsekvensar i eigne og andre sine liv
- at det er mange ulike årsakar til at ungdom mobbar andre, og ofte handlar det om at dei av ulike grunnar ikkje har det bra.
- at mobbing heng tett saman med følelsar og behov
- at dei som er der mobbing skjer påverkar uansett kva dei gjer. Der er mange ting ein kan gjere for å vere med å hjelpe den det går ut over i staden for å forverre situasjonen.
Vi har valt å fokusere mykje på følelsar og behov i vårt materiell mot mobbing. Forskning har vist at elevar som er med på mobbing ofte veit at det dei gjer er galt, og forstår at det gjer vondt for den/dei det går ut over. Men dei gjer det likevel for å dekke eigne behov.
Difor vil vi gjerne forsøke ei anna vinkling enn å appellere til empati med den det går ut over, og samtalar om kva som er rette/gode måtar å vere saman på. Elevar klarer oftast fint «å seie dei rette tinga» i slike gruppesamtalar, utan at det nødvendigvis kjennest mogleg for dei å gjere desse rette tinga i praksis. Slike samtalar vil då kunne gjere vondt verre for dei det går ut over, fordi elevar som i kvardagen utestenger og plager andre, vil kunne møte anerkjenning frå vaksne fordi dei framstår snille og gode.
I alt arbeid mot mobbing og utestenging er det viktig å ta vare på både den/dei som gjer dette, og den/dei det går ut over. Ofte kan vi bli harde og konfronterande med dei som mobbar. Det er sjølvsagt heilt naudsynt å sette grenser for det dei gjer, men vi må klare å gjere det på måtar som gir dei høve gjere det vi ønskjer dei skal klare etterpå. Det å påføre skam, skyld og sinne vil gjere det vanskelegare for dei å gå vidare i ny rolle som god skolevenn for andre. Meir om dette på Individ ved behov. Samtidig må vi heile tida reflektere rundt korleis innhaldet vi vel i timane kan kjennest for dei som opplever/har opplevd mobbing og utestenging. Vi trur vi har fått til ein slik balanse i desse timane, men det er eit komplisert tema, så gjer eigne vurderingar også for dine elevar.
Noko av det vi håper å bidra til med denne timen er å gi elevane eit repertoar for å hjelpe nokon som opplever mobbing. Dette kan vere vanskeleg. Det er sterke gruppemekanismar i sving når nokon blir mobba i påsyn av andre. Dei som ser mobbinga skje, utan å stoppe den, kan opplevast som støtte til den som mobbar. Ein blir ei brikke i spelet om makt og avmakt. Denne makta kan også brukast positivt. Elevane har makt til å gå vekk/forlate arenaen der det skjer. Makt til å gripe inn, til å støtte, la vere å le, eller på andre måtar vere meir til hjelp for den det går ut over enn for den som mobbar. Men vi som er vaksne må forstå kor vanskeleg dette kjennest. Det kjennes ikkje ut som makt, men som risiko. Risiko for å sjølv bli den det går ut over om ein gjer noko som tyder på at ein ikkje er einig i det som skjer. Difor vil dei fleste ikkje kunne gjere noko med det utan at dei er mange i lag som gjer det saman.