a) Ein gut gir uttrykk for å bli med på mobbing fordi det gir makt og underhaldning.
Han har høg status i gruppa, og er i tillegg skoleflink, aktiv i fritidsaktivitetar og har ressurssterke foreldre. Han kjeder seg ein del på skolen, og synes det er slitsamt å sitte lenge stille.
Når vi vurderer tiltak for denne eleven kan det vere lurt å både hjelpe eleven å finne andre måtar å underhalde seg på i timane, helst i form av meir variert undervisning, men eventuelt også noko å stimulere hjernen med når ein må sitte stille (få lov å bruke hendene til noko, noko å sitte på som kan bevegast, løyve til å reise seg og gå på do/trekke luft).
Denne eleven kan kanskje også ha nytte av tiltak som handlar om å endre måten han brukar makta si på. Målet kan vere å få han til å bli ein prososial leiar, i staden for ein som troner øvst i eit makthierarki. For å oppnå det må eleven sjå at vi har trua på at han kan endre veremåte, og heller bruke leiareigenskapane sine til noko bra. Vi kan gi eleven konkrete prosjekt å leie, og legge merke til og rose det han gjer i desse prosjekta som er bra.
b) Ei jente blir opplevd som ei «dronning» som bestemmer kven som er innanfor og utanfor.
Ho gir sjølv uttrykk for å vere usikker på om andre ville valt henne, om ho ikkje heile tida sørga for å regjere over andre. Behovet for makt handlar her altså mest om behovet for å høyre til. Jenta har høg status i klassa, men mest fordi det er viktig å halde seg inne med ho, og ikkje fordi ho er godt likt. Jenta har altså truleg rett i at ho ikkje er den andre helst ville hatt med, om ho ikkje sørga for det på sin måte. Jenta ser elles ut til å klare seg bra på skolen, og ha det bra heime og på fritida.
Her er det truleg at gode tiltak ville vere å hjelpe jenta med gode måtar å få trygge vennskap på. Kanskje treng ho rettleiing og trening i sosiale ferdigheiter? (sjå verktøy for dette). Eller kanskje treng ho hjelp frå dei vaksne heime og på skolen til å få ein god sjølvfølelse?
c) Ein gut har sjølv blitt mobba mykje, og gir tydeleg uttrykk for å vere prega av det han har opplevd.
Han kjenner seg aldri heilt trygg, og har det ikkje bra. Han er også redd for at foreldra skal få vite kva han har gjort. Han er ikkje fagleg sterk, og slit mykje med å henge med i timane.
Her bør tiltaka vere samansette. Noko bør handle om å finne ut om guten har det bra nok heime, eller om heimen kan trenge hjelpetiltak for å møte guten på ein støttande nok måte. Får guten den hjelpa han treng på skolen for å klare seg bra nok i faga? Kan ein sette inn tiltak som kan styrke sjølvbildet som elev? Og har han behov for å få bearbeida eigne mobbeerfaringar? Kanskje kan helsesjukepleiar eller andre ha samtalar med han om korleis han opplevde dette, kva følelsar det gav då, og kva følelsar han kjenner no, - og anerkjenne og normalisere dette med han? Og kan skole og heim jobbe saman for å styrke guten sin sjølvfølelse, trua på eigen verdi? Dette gjerast mellom anna ved å vise eleven at ein set pris på å vere saman med han, gi han moglegheiter til å få vere ein god skolevenn for andre, og rose han for dette. Kanskje vil han også ha nytte av at ein jobbar med å etablere nokre trygge relasjonar med elevar han kan ha det trygt saman med, og hjelpe han å vere i desse på gode måtar?
d) Ei jente er ofte med på mobbing av ei anna jente.
Ho er ikkje den som tek initiativ til mobbinga, men ho ler av det som vert sagt, og blir med på ryktespreiing, baksnakking og utestenging. I samtale kjem det fram at ho tidlegare har erfart å bli halde utanfor, og er redd for at det skal skje igjen. Difor vel ho å ta del i det som skjer, sjølv om ho veit at det gjer vondt for den det går ut over. Jenta som no vert mobba var ei av dei som tidlegare stengde denne jenta ute. Difor klarer ho å forsvare dette overfor seg sjølv med at jenta fortener det litt. Jenta sine foreldre er nyleg skilde, og jenta sitt liv er prega av dette. Ho klarer seg relativt greitt på skolen, men gjer det ikkje like bra som tidlegare.
Her ser det ut som jenta både er med på mobbing for å sikre trygg plass i flokken, men at ho kanskje også gjer det for å regulere eigne vonde følelsar ved å forsøke å overføre dei til andre. Tiltaka bør vere samansette. Jenta treng truleg at det vert gjort tiltak på gruppenivå der elevane bestemmer seg for at det ikkje er slik dei vil ha det saman, og lagar avtalar for korleis dei skal minne kvarandre på det undervegs. Ho vil truleg også ha nytte av samtalar med helsesjukepleiar eller andre om følelsane og erfaringa ho ber på. Kanskje treng familien hjelp til å klare å gi jenta den støtta, roa og tryggleiken ho treng for å fungere betre igjen på skolen også?
e) Ein gut tek ofte rolla som den som tullar og kommenterer i klasserommet.
Kommentarane kan gå ut over andre elevar, eller dei vaksne. Når han gjer dette er det dei fleste som ler eller smiler, og mange slenger seg med på det han set i gong. Eleven gjer det bra i kroppsøving, men meistrar teoretisk fag svært dårleg.
Dette er altså ein elev som kompenserer for det å ikkje meistre skole, ved å flytte merksemda til det å vere morosam på andre si bekostning. Han sikrar statusen sin i gruppa, og får den makta og underhaldninga han treng i kvardagen når han ikkje kan få den gjennom fag.
Når vi skal velje tiltak for ein slik elev er det viktig å sjå at dette er ein elev med udekte behov. I samtalar kan vi både fokusere på korleis eleven opplever å ikkje meistre faga, leite etter vonde følelsar knytt til dette og validere dei, og vi kan snakke med eleven om kva han ønskjer å få til, og kva han vil vidare i livet. I dette kan det ligge kraft og motivasjon til å endre veremåte. Og kanskje er det også mogleg å gi eleven andre arbeidsmåtar eller få delta i læringsaktivitetar som kan gi han meistring som dekker behov?