Hjelpe elevar som opplever mobbing

Elevar som opplever mobbing går dagleg i ein situasjon som er skadeleg for dei å vere i. Når dette først har skjedd, og fortset å skje over tid, skal det ofte mykje til for å reetablere opplevinga av å faktisk vere trygg.

Når vi vaksne får vite at elevar blir mobba har vi plikt til å handle for å stoppe mobbinga. Til å undersøke, legge ein plan og sette inn tiltak. Men kva er gode måtar å gjere det på som opplevast trygt nok for dei involverte? Korleis hjelper vi på ein hjelpsam måte?

Undersøke – samtale med eleven det går ut over

Første steg for å få hjelp, er at mobbinga blir oppdaga. Uansett om eleven sjølv fortel om dette, eller om det kjem fram på anna vis, bør førstesamtalen med eleven vere god. Denne samtalen skal i følgje Skolemiljøtiltak - undersøke (udir.no) ha fokus på eleven si oppleving, og ikkje på den vaksne sine idear, refleksjonar eller opplevingar av relasjonar og hendingar.

Dette er viktig. Mange elevar har dessverre opplevd å føle at vakse ikkje trur på dei, eller at opplevinga blir forsøkt moderert. Setningar som «Det var sikkert ikkje sånn meint» eller «Ja, men vi ser jo at de har det hyggeleg saman her på skolen», eller «Det kan jo hende du har misforstått litt?» er truleg godt meint, men er ikkje hjelpsame for dei som fortel om si oppleving.

Her er nokre forslag til kva ein slik samtale kan innehalde:

 

Samtalar med elevar som kan ha mobba eleven

Korleis du snakkar med andre elevar i undersøkingsfase og tiltaksfase, kan vere avgjerande for korleis den som har blitt mobba får det vidare. Eldre elevar brukar ofte snitche-ordet om det å fortelje vaksne om mobbing og plaging. Dersom skolen vel reine konfronterande strategiar i møte med dei som mobbar, risikerer vi at dei let dette gå ut over eleven dei trur har fortalt om mobbinga. Det er heller ikkje alltid vi har nok informasjon til å vite kva andre elevar faktisk har sagt og gjort. Desse sakene er sårbare og kompliserte, så vi må gå varsomt fram i dialogen med andre involverte. Undersøkelsesfasen er viktig. Vi bør om mogleg ta oss tid til å forsøke å få fleire typar informasjon før vi set igang samtalar som kan opplevast som skuldingar mot enkeltelevar. 

Sjølv om mobbing er ei handling vi skal grensesette tydeleg, er det viktig at vi ikkje gjer det på måtar som gir eleven behov for å forsvare seg, eller reetablere følelsen av å ha makt over situasjonen. Korleis vi møter desse elevane vil påverke moglegheitene dei har til å klare å vere gode skolevenner mot andre etterpå.

Der ligg alltid behov bak mobbing. Å hjelpe den som blir mobba, handlar difor også om å hjelpe dei som mobbar til å få dekt behova som ligg bak, på måtar som ikkje går ut over andre.

Her er nokre forslag til kva slik samtalar kan innehalde:

 

Skolen og heimen jobbar saman for å hjelpe 

Når elevar opplever mobbing eller andre krenkingar treng dei at støtteapparatet deira klarer å fungere godt saman. Støtteapparatet må som eit minimum bestå av dei vaksne heime og dei næraste vaksne på skolen. Både skole og heim ønskjer det beste for eleven som har det vondt, og når samarbeidet er godt har ein gode sjansar til å hjelpe eleven. Nokon gongar blir det likevel vanskeleg, og samarbeidet kan kjennast meir som ein del av problemet og ikkje ein del av løysinga.

Noko av det handlar om dei ulike oppdraga heim og skole har. Heimen har hovudansvaret for sitt/sine barn. Det er meininga at foreldre skal sette behova til sitt barn høgt, og ha mest fokus på kva sitt barn treng akkurat no. Skolen har derimot i oppdrag å vere like opptatt av alle elevane på skolen. Når skole og heim møtast er det viktig med gjensidig forståing og respekt for at oppdraga er ulike. Begge har som mål at denne konkrete eleven skal få den hjelpa som trengs for å få det trygt og godt, men skolen må også ta omsyn til andre elevar sine behov.

Det kan også handle om at skole og heim ofte ser og høyrer heilt ulike ting. Skolen kan sjå at elevar har godt samspel og fungerer godt på skolen, og heimen kan få inntrykk av at elevane har dårleg samspel og ikkje fungerer godt på skolen. Mykje av det som skjer i samspelet mellom elevar er så komplisert. Sjølv om skolen ser at ein elev er saman med dei andre, og tilsynelatande har det heilt fint i gruppa, kan eleven oppleve det annleis, og ha god grunn til å oppleve det annleis. Det er ofte så små ting som påverkar, og desse tinga er meint å skulle vere vanskeleg for vaksne å oppdage. Samtidig kan det hende eleven ikkje formidlar det heile bildet heime til foreldra. Når skole og heim har ulike opplevingar om korleis ein elev faktisk har det, er det tydeleg at vi treng kvarandre sine innspel for å forstå korleis vi best kan hjelpe eleven.

Ofte gløymer vi også kor sterke følelsar som er aktiverte i desse situasjonane. Når vi ikkje legg merke til og tek omsyn til følelsane, kan vi fort snakke forbi kvarandre. Og samtidig kan følelsane vere svært nyttige for å hjelpe oss å forstå kva eleven treng frå oss.

Sjølv om samarbeidet mellom skole og heim kan vere krevjande for begge partar, er det likevel her løysingane ligg. I det samla støtteapparatet til eleven.

Sette inn tiltak

Det finnast mange ulike tiltak som kan vere hjelpsame når elevar opplever eller har opplevd mobbing. Les meir om dette her Tiltak i skolemiljøsaker (udir.no) og her Skolemiljøtiltak - følge opp negative ettervirkninger av mobbing (udir.no) Kva tiltak som er rett for kven vil variere veldig, så det er viktig å ha eit stort nok repertoar å velje mellom, og vere innstilt på «skreddarsaum» for at det skal passe behova eleven har. Og for å finne behova, og dermed sette inn rett tiltak, må vi forske litt saman med eleven og eventuelt andre. Livet&Sånn kjem snart med eit verktøy for å kome fram til behov og tiltak.

Tiltak kan for eksempel vere:

 

Reetablere følelsen av å vere trygg

Sjølv om mobbinga tek slutt vil eleven ofte trenge hjelp og støtte etterpå for god helse, livskvalitet, læring og utvikling. Mobbing har vist seg å kunne føre til skader på linje med å bli utsett for vald i nære relasjonar. Det betyr i praksis at eleven som har blitt mobba, står i fare for å slite med psykiske og somatiske reaksjonar vidare i livet. Dette må ein prøve å forhindre. Så korleis reparerer vi skade frå mobbing som: svekka tillit til andre menneske, redusert sjølvfølelse, skam, sinne, utryggheit, resignasjon, eller endra veremåte i møte med andre? Dette er ikkje enkelt, og nokre vil trenge terapi/behandling frå kommunen si helseteneste eller spesialisthelsetenesta.

Udir skriv at det finnast lite forskning- og erfaringsbasert kunnskap om kva tiltak som mest effektivt kan bidra til å minske negative effektar av mobbing. Livet&Sånn har utvikla eit samtaleverktøy som kan brukast av helsesjukepleiarar, miljøterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar, eller spesielt eigna lærarar, som kan ha samtalar med eleven litt over tid. 

 

Les meir om temaet: