Korleis elevane har det heime og på fritida påverkar korleis dei fungerer på skolen. Dei fleste lærarar veit difor at elevar sine liv på nettet angår skolen i stor grad. Nokon gongar oppstår det konfliktar mellom elevar på nett som blir med inn i skolekvardagen, eller omvendt. Andre gongar fortel elevar om skremmande opplevingar på nett til læraren sin i staden for å seie det heime.
Det vi som skole må handtere av nettrelatert aktivitet er til dømes:
Konfliktar mellom elevar, mobbing eller utestenging på nett:
Målet med konflikthandtering er å finne løysingar som alle dei involverte kjenner seg ivaretekne av. Før ein kan snakke fram løysingar bør ein anerkjenne følelsane til dei involverte. Ved å uttrykke forståing for korleis dei ulike har opplevd situasjonen regulerer ein følelsane og har dermed eit betre utgangspunkt for å samtale.
Ein skulle kanskje tru at når konfliktar, mobbing og utestenging føregår på nettet så vil det vere enkelt å bevise kva som har skjedd digitalt. Slik er det oftast ikkje. Det kan like ofte handle om det som ikkje blir skrive, ikkje blir sendt til alle, nyanser i bruk av ord/bilde/emojis som gir rom for tolking. Kjernen til å kome vidare blir derfor framleis opplevingane til dei involverte.
Når vi ikkje kan «bevise» at nokon har gjort noko slemt, kan det vere nyttig å ta tilnærminga: «Dersom eg hadde fått denne meldinga ville eg tenkt/følt slik eller slik… Difor vil eg ikkje at de skal sende slike meldingar». Då set ein grenser for åtferd utan å seie at sendaren har hatt negativ hensikt. Det at mottakar har grunn til å oppleve dette krenkande/vondt/utsøtande er god nok grunn til å sei at det ikkje er greitt.
Elevar som får tilsendt eller sender ulovlege bilde av andre:
Det har vore mykje fokus på personvern og bildedeling siste åra fordi «alle» no går rundt med kamera på mobilen og har moglegheit til å både ta, ta i mot og sende bilde. Vi har sett mange stygge eksempel på barn som har blitt krenka slik, og barn som har krenka andre utan å tenke så mykje over at det var det dei gjorde. Når barn kjem over den kriminelle lågalder er det fleire som har fått slike saker på rullebladet sitt.
Det å sende vidare eit bilde dei sjølv har fått, er i verste fall definert som «Fremstilling av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn» §311 i straffelova Barn er barn i denne samanheng opp til 18 år. Når vi på skolen får høre om uønska bildedeling må vi difor også vurdere om det vi hører om er kriminelt. Også om eleven er under 15 år. I alvorlege saker bør du kontakte politiet si førebyggande avdeling før du gjer noko meir. Då kan det vere viktig å sikre bevis gjennom telefonane til dei involverte mellom anna.
Les meir om ulovlege nakenbilder på barnevakten sine sider her. Eller sjå denne filmen frå Kripos.
I mindre alvorleg saker vil det ofte vere godt nok at vi har ein samtale med dei involverte partane, eventuelt saman med foreldra. Vurder om dette kjem under opplæringslova §9a på ein slik måte at det krev at skolen følger opp med tiltak.
La begge partar få fortelje sin versjon av historia og bekreft dei følelsane du høyrer ligg i deira oppleving. Uttrykk forståing for at slikt kan skje, men ver tydeleg på kva som uansett ikkje er greitt. Finn ut saman med elevane kva dei som krenker kan gjere framover, for at den som vart krenka skal kjenne seg trygg. Å seie unnskyld er ikkje det viktige. Det som er viktig er at ein viser at ein har forstått at ein har gjort noko som blei dumt for andre, at ein tek ansvar for det ein har gjort og viser over tid at ein ikkje gjer det igjen.
Elevar som fortel om nettovergrep
Om elevar fortel deg om overgrep dei eller andre har opplevd på nettet, bør du tenke på å sikre digitale bevis. Desse kan bli viktige for å finne ut kva som har skjedd, få stoppa framtidige overgrep og vere bevismateriale i ei mogleg rettssak. Ta gjerne bilde av det eleven viser deg med din eigen mobil, så veit du at det vert tatt vare på uavhengig av kva eleven sjølv gjer med det. Ring gjerne politiet så fort du har høve til det og få vite korleis du skal gå fram vidare.
Trygg eleven på at det aller viktigaste no er at eleven sjølv, og eventuelt andre dette går ut over, ikkje vert utsett for noko som er farleg, og at overgripar vert funnen og stoppa.
Eleven vil kanskje vere redd for kva som skjer med seg sjølv, andre og eventuelt med telefonen sin eller pc-en. Kanskje vil eleven også vere redd for kva foreldre vil seie, eller andre vil tenke og meine. Eleven har gjerne allereie gjort noko hen angrar på for å unngå vidare overgrep, eller før det blei ein overgreps-situasjon. Difor er det viktig å uttrykke forståing for denne uroa, samtidig som ein er tydeleg på at det viktigaste er at overgrepet blir stoppa. Også fordi overgripar kanskje gjer dette med fleire som då også kan få hjelp.