I temaet Trygg har vi lagt vekt på å etablere trygge klasserom og trygge elevar i starten av nytt skuleår. I generell del av læreplanen står det «Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane.» Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.»
Dette er såleis ikkje primært retta mot konkrete kompetansemål, men handlar om det trygge miljøet som må etablerast for at elevane skal kunne nå kompetansemål i alle fag. Først må ein vere trygg, så kan ein lære.
Eit konkret kompetansemål i norsk som er relevant er: «- reflektere over hvordan språkbruken vår påvirker andre, og hvordan vi tilpasser og endrer språket i ulike situasjoner.» I arbeidet med å finne ut korleis vi vil ha det saman i klassa kan ein godt jobbe med dette kompetansemålet også.
Og i KRLE står det at elevane skal "- sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer" og kunne "samtale om hva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen". Dette er også relevant i dette temaet.
I samfunnsfag skal elevane kunne "samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet". Det er godt mogleg å bruke dette målet oppimot ulike delar av dette materialet.