Tryggheit, og trygg tilknytning, er grunnlaget for all god utvikling for barn og unge. Vi er ulike, nokon er generelt trygge og frie i dei fleste settingar, medan andre kjenner på langt meir uro og utryggheit i kvardagen. Begge delar er heilt normalt. Det er også nokre barn som i perioder er såpass utrygge/redde i situasjonar der ein forventar at dei kjenner seg trygge, at det blir riktig å vurdere om dette er angst.
Alle gradar av utryggheit og angst handlar om at alarmsystemet vårt fortel oss at noko er skummelt for oss, og sender denne reaksjonen ut i kroppen. Om alarmen har rett eller ikkje spelar ikkje alltid så stor rolle, det vi kjenner i kroppen kan vere minst like intenst ved «falsk alarm». For å lære alarmsystemet når det skal reagere og ikkje, treng vi å gjere ting vi veit er reelt trygt sjølv om alarmen brukar å gå av.
Men korleis veit vi kva som er reelt trygt og godt for barna våre? Hjelper vi dei ved å pushe dei når kroppen strittar imot? Ikkje nødvendigvis. For å lykkast med å bli trygg, og dempe alarmsystemet, kan barn trenge mykje støtte. Og dei treng at vi forstår at det dei kjenner er ekte og skremande for dei. Før vi kan støtte dei til å prøve å få til det som skremer dei, bør vi forsøke å regulere følelsen dei har. Vi kan for eksempel sei «No ser eg at du er redd/utrygg. Det forstår eg godt. Det er mange som kjenner det akkurat slik i samme situasjon.» Da bekrefter vi følelsen, og det kjennes godt. Så kan vi finne ut saman kva barnet kan gjere, og kva hjelp og støtte barnet treng for å klare dette.
Denne månaden er det fint om de heime reflekterer over kva de kan bidra med for at egne og andre sine barn kan kjenne seg trygge saman på skulen og på fritida. Reflekter også over kva behov dine barn har for å kjenne seg trygg. Ha gjerne ein samtale om dette med barnet også. Og om det kjem fram noko barnet opplever som utrygt så kanskje de kan legge ein plan saman om korleis ein kan trene på å bli trygg? Og finne ut kva barnet treng av støtte for å klare å trene på dette?