Forklaring til timen som du kan skrive ut finner du her:
Timen om tankar er lik for 1. og 2. trinn. Dei får enkel opplæring om kva tankar er, korleis tankar og følelsar påverkar kvarandre, og litt om kva tankar som eignar seg til å seie høgt og ikkje.
De kan sjølv sette saman timen slik de tenker er best. Kanskje rekk de ikkje alt, kanskje vil de ta oppatt noko ein annan gong. Det går fint.
Det er desember og de bør få bruke tid på førjulskos. Ekstra timar de eventuelt har sett av til Livet&Sånn kan gjerne brukast til dette.
I eit livsmeistringsperspektiv har vi lyst til å minne om at ikkje alle elevar gleder seg til jul. Mange har vonde tankar og følelsar i denne tida. Det kan hjelpe at lærar seier det når de snakkar om jul, til dømes:
«Juletida er veldig fin for mange, og mange har mange gode følelsar og tankar for det som er no og det som kjem. Men ikkje alle gleder seg til jul, og det kan vere mange grunnar til det. Om noko er vondt eller vanskeleg heime, kjennes det av og til enda verre ut i feriar, og i jula spesielt. Om nokon i familien er sjuke, drikk for mykje alkohol eller det er mykje krangling og slik, så kan jula vere vond og vanskeleg. Ikkje alle har like mykje pengar, så mange får mange og dyre gåver, medan andre får mindre. Det er urettferdig, men ikkje noko barna kan noko for. Mange foreldre er også lei seg for at dei ikkje klarer å gi barna sine ei slik jul dei gjerne vil gi dei. Husk at du har lov å fortelje det til oss vaksne, og at vi har lyst til å hjelpe deg, om du har vonde tankar og følelsar inni deg!»
Det du skal ha med denne timen er:
Husk å sjå tankar for dei vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn