Forklaring til timen som du kan skrive ut finner du her:
Våre eigne tankar kan vere høglydte, fargerike, skremmande, store og verkelege. Og dei kan vere vage, utydelege, snikande og framande. Det kan gå an å snakke om dei og jobbe med dei, fordi vi hører og ser dei sjølv. Andre sine tankar derimot er usynlege, stille og ofte eit stort mysterium. Når det står at elevane innan 4. trinn i KRLE skal kunne «sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer» kan ein undre seg litt over korleis dei skal kunne lære det. Og vi har undra oss over korleis Livet&Sånn kan hjelpe med det. Å sette seg inn i og formidle eigne tankar kan vere vanskeleg nok.
Det er mykje ein kan gjere for å trene på å bytte perspektiv. Ein kan rollespele, bytte stolar under ein samtale om noko som har skjedd – for å prøve å finne ut kva ein ville tenkt/kjent om ein var den andre, eller ein kan lese historier og sette seg inn i karakterane der sine tankar og opplevingar. Ein kan også lage enkle strek-teikningar når elevar fortel om noko som har skjedd. Ved å sette tankebobler over strekfigurane og prøve ut ulike tankar i desse, kan ein få fram at vi ofte misforstår situasjonen. At vi trur vi veit at andre gjer ting med vilje, eller for å vere slem, men at den andre kanskje hadde heilt andre intensjonar/tankar om det som hendte. Alle slike verkemiddel kan hjelpe elevar å sette seg inn i og forstå seg sjølv og andre betre. Men tredjeklassingane er veldig ulikt modna kognitivt for å kunne vere med på slike øvingar, og for mange vil det vere veldig vanskeleg. Vi har difor lagt oss på ei enklare linje.
Kanskje kan elevane lære noko slikt denne timen:
- V kan ikkje vite kva andre tenker, men vi trur ofte vi kan det.
- Våre eigne tankar påverkar kva vi føler og kva vi gjer. Slik er det også når tankane våre handlar om det vi trur andre tenker.
- Når tankane våre er vonde og vanskelege bør vi snakke med nokon om dei.
- Om vi vil vite kva andre tenker bør vi spørje – ikkje gjette.
Det er desember og de bør få bruke tid på førjulskos. Ekstra timar til Livet&Sånn kan gjerne brukast til dette.
I eit livsmeistringperspektiv har vi lyst til å minne om at ikkje alle elevar gleder seg til jul. Mange har vonde tankar og følelsar i denne tida. Det kan hjelpe at lærar seier det, til dømes:
«Juletida er veldig fin for mange, og mange har mange gode følelsar og tankar for det som er no og det som kjem. Men ikkje alle gleder seg til jul, og det kan vere mange grunnar til det. Om noko er vondt eller vanskeleg heime, kjennes det av og til enda verre ut i feriar, og i jula spesielt. Om nokon i familien er sjuke, drikk for mykje alkohol eller det er mykje krangling og slik, så kan jula vere vond og vanskeleg. Ikkje alle har like mykje pengar, så mange får mange og dyre gåver, medan andre får mindre. Det er urettferdig, men ikkje noko barna kan noko for. Mange foreldre er også lei seg for at dei ikkje klarer å gi barna sine ei slik jul dei gjerne vil gi dei. Husk at du har lov å fortelje det til oss vaksne, og at vi har lyst til å hjelpe deg, om du har vonde tankar og følelsar inni deg!»
Det du skal ha med denne timen er:
- Det du treng til den leiken du eventuelt vel å bruke
Husk å sjå Tankar - for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn