Forklaring til timen som du kan skrive ut finner du her:
Tankane våre har kraft. Kraft til å trekke oss ned og kraft til å hjelpe oss opp. Tankar er blant anna orda våre til oss sjølv. Og elevane har lært om korleis orda våre kan påverke andre. Dei treng å lære at orda våre til oss sjølv også påverkar oss sjølv.
Nokre snakkar som om det å skifte tankar er lett. «Tenk positivt» «Vel ei positiv innstilling!» Kanskje er det lett for nokre, for andre kan det kjennes nesten umogleg. Så sjølv om det er liten tvil om at tankane våre har kraft til å påverke oss positivt eller negativt, er ikkje oppskrifta på god psykisk helse at det berre er å tenke hjelpsame tankar. Det er rett og slett ikkje mogleg for alle. For nokre vil det til dømes vere lettare å endre tilstand gjennom handling. Gjere på noko som gir andre følelsar og andre tankar. For andre vil det vere vesentleg å få hjelp med følelsane sine for at tankar og handlingar skal kunne støtte opp om god psykisk helse. Det heng saman rett og slett.
I denne timen skal elevane lære nettopp samanhengen mellom tankar, følelsar og handling. Dei skal få kjenne korleis hjelpsame tankar kan støtte dei. Og dei skal få prøve ein mindfulness-teknikk der dei ser for seg tankar som såpebobler.
Det er desember og de bør også få bruke tid på førjulskos. Ekstra timar de eventuelt har sett av til Livet&Sånn kan gjerne brukast til dette.
I eit livsmeistringsperspektiv har vi lyst til å minne om at ikkje alle elevar gleder seg til jul. Mange har vonde tankar og følelsar i denne tida. Det kan hjelpe at lærar seier det når de snakkar om jul, til dømes:
«Juletida er veldig fin for mange, og mange har mange gode følelsar og tankar for det som er no og det som kjem. Men ikkje alle gleder seg til jul, og det kan vere mange grunnar til det. Om noko er vondt eller vanskeleg heime, kjennes det av og til enda verre ut i feriar, og i jula spesielt. Om nokon i familien er sjuke, drikk for mykje alkohol eller det er mykje krangling og slik, så kan jula vere vond og vanskeleg. Ikkje alle har like mykje pengar, så mange får mange og dyre gåver, medan andre får mindre. Det er urettferdig, men ikkje noko barna kan noko for. Mange foreldre er også lei seg for at dei ikkje klarer å gi barna sine ei slik jul dei gjerne vil gi dei. Husk at du har lov å fortelje det til oss vaksne, og at vi har lyst til å hjelpe deg, om du har vonde tankar og følelsar inni deg!»
Det du skal ha med denne timen er:
Husk å sjå Tankar - for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn