Forklaring til timen som du kan skrive ut finner du her:
Eit av kompetansemåla elevane har i livsmeistring er å kunne reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete. Men kva er sjølvbilde? Orda sjølvtillit, sjølvbilde og sjølvfølelse heng tett saman, og er lette å blande. Men dei handlar også om ulike ting, og vert påverka av ulike ting. Denne timen handlar om identitet og sjølvbilde – i temaet tankar. Kva tenker eg om meg sjølv? Kva har påverka tankane mine? Og korleis påverkar tankane mine korleis eg har det?
Timen startar med ein barneversjon av Demi Lovato sin «I love me» Den oppsummerer godt noko av det mange ungdomar opplever: at dei dømmer seg sjølv mykje hardare enn ein dømmer andre. Kan vi gjere elevane medvitne det å vere raus og snill med seg sjølv allereie frå før dei blir ungdomar?
I denne timen skal elevane lære litt om sjølvbilde og korleis dei kan påverke dette positivt. Dei skal også få prøve ein mindfulness-teknikk der dei ser for seg tankar som såpebobler. På slutten av timen ligg nokre bilde som forklarer forskjellen på sjølvtillit, sjølvbilde og sjølvfølelse. Dette er litt komplisert, så de treng ikkje bruke det. Men om du tenker klassa di kan ha nytte av det så ligg dei der.
Det er desember og de bør også få bruke tid på førjulskos. Ekstra timar de eventuelt har sett av til Livet&Sånn kan gjerne brukast til dette.
I eit livsmeistringsperspektiv har vi lyst til å minne om at ikkje alle elevar gleder seg til jul. Mange har vonde tankar og følelsar i denne tida. Det kan hjelpe at lærar seier det når de snakkar om jul, til dømes:
«Juletida er veldig fin for mange, og mange har mange gode følelsar og tankar for det som er no og det som kjem. Men ikkje alle gleder seg til jul, og det kan vere mange grunnar til det. Om noko er vondt eller vanskeleg heime, kjennes det av og til enda verre ut i feriar, og i jula spesielt. Om nokon i familien er sjuke, drikk for mykje alkohol eller det er mykje krangling og slik, så kan jula vere vond og vanskeleg. Ikkje alle har like mykje pengar, så mange får mange og dyre gåver, medan andre får mindre. Det er urettferdig, men ikkje noko barna kan noko for. Mange foreldre er også lei seg for at dei ikkje klarer å gi barna sine ei slik jul dei gjerne vil gi dei. Husk at du har lov å fortelje det til oss vaksne, og at vi har lyst til å hjelpe deg, om du har vonde tankar og følelsar inni deg!»
Det du skal ha med denne timen er:
Husk å sjå Tankar - for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn