Når barn har slitsame tankar og følelsar er det fort gjort at vi vaksne prøver å hjelpe ved å løyse problem eller gi råd. Dette gjer vi med dei beste intensjonar, vi vil jo berre at barna våre skal få det fort bra igjen!
Det er likevel veldig bra om vi kan starte med å bekrefte tankar og følelsar før vi eventuelt gir hjelp eller råd. At vi venner oss til å sei slike ting som «Det forstår eg godt at du tenker/føler når …», «det må vere vondt å kjenne det sånn», «sånn er det heilt vanlig å tenke når slike ting skjer».
Når tankar og følelsar er bekrefta er dei ofte lettare hjelpe etterpå, fordi ein har regulert emosjonen og har ledig kraft til å gjere noe anna. Så kan de finne ut om det er noko de skal gjere saman for å fikse noko, eller om barnet kan gjere noko sjølv, eller om de rett og slett skal finne på ein aktivitet å gjere saman som leder barna inn i gode tankar og følelsar.
Tankar kan skremme, og dei kan vere vonde og slemme. Det som har blitt sagt til barnet av andre kan tankane fortsette å sei til barnet sjølv etterpå – og slik kan barnet fortsette å bli plaga av eigne tankar basert på erfaringar i møte med andre.
Det hjelp ikkje å bli sint på desse tankane. Dei er der for å verne barnet frå å bli plaga igjen. Dei treng likevel hjelp til å finne andre måtar å hjelpe barnet på. Det er der vi vaksne kjem inn som viktige lyttarar. Om vi då klarar å anerkjenne og validere i staden for å be barnet tenke positivt/slutte å tenke slik, - då kan barnet kjenne seg forstått og fortsette å bruke oss som viktige støtter i livet sitt.
Vil du lære meir?
Her gir Voksne for barn tips om korleis ein kan snakke med barn som har det vanskelig
Kort Fortalt "Hvordan håndtere plagsomme tanker?"
Dette er Livet&Sånn sin film om tankar meint for ungdomsskuleelevar.