Huske å sende lenka til denne sida også til heimane slik at dei får følge opp!
Å skulle ta imot flyktningar kan aktivere mange ulike følelsar i oss. Vi kan kjenne at vi allereie har for mange å strekke til for, for mykje å gjere, for lite plass og for få ressursar. Sjølvsagt vil vi gjerne bidra, men alle hjelparar kan innimellom kjenne på balansen over kor mykje ein kan klare å gi av hjelp.
Når det no kjem svært mange flyktningar frå Ukraina inn i norske klasserom håper vi det kan kjennes til nytte å få nokre tips om korleis ein kan legge til rette for at desse barna kan bli trygge og inkluderte på ein god måte. Forhåpentlegvis blir dette også ei god oppleving for medelevane og for deg som jobbar i skolen.
Om vi sjølve skulle starta på nytt i eit nytt miljø ville vi ønska å forstå språket, kulturen og rammene i det vi skulle starte i. Elevane som no kjem frå Ukraina gjer ikkje det. I tillegg er dei midt i ei krise, dei har reist frå dei fleste av dei viktige relasjonane sine, og det meste av det som var trygt i deira kvardag. Vi har grunn til å tru at mange av dei er sterkt prega av det dei har vore igjennom og har følelsar som sorg, frykt og sinne, mykje uro i kroppen, og eit reguleringssystem som framleis er i beredskap for nye farar. Dette er langt frå eit ideelt utgangspunkt for læring i fag.
Samtidig veit vi at noko av det menneske i ein slik situasjon ofte treng er å få bruke kroppen i aktivitet, få avleiing frå vonde tankar, nye trygge rutinar og å vere i fellesskap med andre menneske. Alt dette kan barna få i skolen. Det som hastar mest er altså ikkje at dei får kome hurtig vidare med opplæringa innan fag, men at dei får kome hurtig i gang med å leve ein ny, tryggare kvardag saman med andre menneske.
Mange av dei vil inni seg gå litt att og fram; dei er i det nye og deltek så godt dei kan der, og så kan dei forsvinne inn i dei vonde minna og frykta att litt. Nokre vil sjå ut som om «ingenting har hendt» og andre vil vise tydeleg at dei er midt i ei stor krise. Alt dette er normalt, og dei vil uansett ha behov for mykje av det same frå oss som møter dei i skolen: snille, varme blikk, eit godt smil, vaksne som viser at dei prøver å forstå og som prøver å legge til rette, og medelevar som viser at dei ønsker nye venner velkomen i flokken.
Sjølv om vi ikkje forstår kvarandre sitt verbale språk har vi menneske måtar å kommunisere på som er universelle. Det viktigaste det nonverbale språket skal formidle no er «du er trygg her», «du er velkommen her», «eg forstår at det du har opplevd er forferdeleg vondt» og «dette skal vi få til saman». Det er eit godt utgangspunkt for å gjere ei barnehjerne som har opplevd krig og flukt klar for å lære nytt språk, og å kunne gå vidare med fagleg læring etterkvart.
Praktiske tips når ein får elevar i klassa som ikkje kan norsk
Det er heldigvis mange som har god erfaring med å inkludere elevar som ikkje kan norsk. Aspøy skole i Ålesund har lang erfaring med dette. Dei har vent seg til å starte med det kjente og gå til det ukjente. Noko er jo kjent også i eit framand land. Vi er jo gjerne einige om kva noko er, kva vi ser på, kva vi tek på, kva vi opplever. Vi har berre ulikt språk for det. Det betyr at vi kan gå via det vi ser, det vi tek på og det vi opplever og sette ord på det i lag. I tillegg vil det vere nyttig å bruke:
- bilde og illustrasjonar som gjer det mogleg for barna å forstå kva som skal skje fordi dei kjenner att det bilda viser
- leikar som er språk-uavhengige
- ballspel og ball-leik
- song, dans og musikk
- brettspel eller andre spel
- gå på tur, ta på ting, lære ord for det de ser
- bake eller lage mat
Dei første tinga det er fint å lære ord for er gjerne i kategoriane: skolen, familien, tal, kroppen, følelsar, leik og venner, mat, dyr, klede og fargar, på tur, frå morgon til kveld.
Og når ein held på med dette er anbefalinga frå Aspøy skole å bruke humor, tryggheit og omsorg for å få det til.
Det er fint om den nye eleven i klassa først og fremst er ein ny klassevenn, og ikkje er «flyktningen i klassa vår». Kanskje kan du saman med eleven og foreldra lage ein liten plakat som presenterer eleven. «Dette er (fornamn). Før budde NN her, og dette gjorde NN på ein vanleg kvardag. NN likar godt å …» Illustrer gjerne med bilde av fritidsaktivitetar og interesser, eller eit fag eleven likar.
Det kan også vere greitt å ha ein plan for kva desse barna skal gjere medan de jobbar med ting dei ikkje kan forstå eller følgje med på. Ein kan jo ikkje legge vekk all undervisninga ein elles skulle hatt for å berre gjere det desse nye elevane ville trenge. Det vil bli ein del tid i starten der elevane sit og ikkje forstår kva som skjer.
Desse barna forstår nok at det må vere slik, og at det i starten vil vere noko tid der dei blir sittande å mest observere. Det som kan vere fint er at dette vert satt ord på til dei gjennom tolk, eller via foreldra, og at dei får vite noko dei kan gjere på når dei andre elevane gjer ting dei ikkje forstår eller får til å vere med på.
Kva alternative aktivitetar kan passe for akkurat denne eleven? Likar eleven å teikne? Kan eleven følgje noko undervisning på ukrainsk via nett deler av dagen? Er der arbeidsark på ukrainsk ein kan laste ned frå nettet og jobbe med innimellom? Det er lova ukrainsk opplæringsmateriell frå departementet når dette er laga klart.
Nyttige lenker for skolar som tek i mot flyktningar: