Vi er ulike og det er bra! Til læraren Det som er likt oss sjølve kan kjennast trygt, og det som er ulikt kan verke skummelt. Slik vil følelsane våre difor ofte påverke oss til å søke det som liknar oss sjølve og ta avstand frå det som er annleis. Den eller dei som skil seg ut står difor i fare for å ikkje bli inkludert, sjølv om det ikkje er vondt meint frå dei som har mange rundt seg som er likare seg sjølve. Med mangfald følgjer difor det viktige arbeidet med å gjere trygg på kvarandre og kjent med kvarandre.Denne timen handlar om å sjå verdien av å vere ulike og blir kjend med kvarandre sine like og ulike sider. Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn.Det du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - mangfald 1. trinn NN (PDF, 249 kB) ellerInstruksjoner for lærer - mangfold 1. trinn BM (PDF, 253 kB)PuslespillbrikkeA4 (002) (PDF, 77 kB) – eitt ark til kvar elev Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Sjå gjerne episodar frå Bli med heim som handlar om å kome frå andre kulturar: NRK Super - Bli med heim NRK Super - Bli med heimPå dette arket frå Amnesty er det 3 gode øvingar de kan bruke.Har de elevar frå ulike land, kulturar og religionar i klassa? Kanskje har nokon lyst å fortelje eller vise noko til dei andre som viser noko dei likar med det som særpregar dei? Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val (samfunnsfag). samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar (samfunnsfag). beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket (samfunnsfag). samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre (norsk). Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg "Everybody is different" (Pipalupa) Like eller ulike - kva er best? Vi er som eit fint puslespel!Sjå instruksjonsark til læraren. Sist endra 04.01.2024 15.44