Mangfald - mange som er ulike lever saman Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val (samfunnsfag). samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar (samfunnsfag). beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket (samfunnsfag). samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre (norsk). Til læraren Det som er likt oss sjølve kan kjennast trygt, og det som er ulikt kan verke skummelt. Slik vil følelsane våre difor ofte påverke oss til å søke det som liknar oss sjølve og ta avstand frå det som er annleis. Den eller dei som skil seg ut står difor i fare for å ikkje bli inkludert, sjølv om det ikkje treng vere vondt meint frå dei som har mange rundt seg som er likare seg sjølve. Med mangfald kjem difor det viktige arbeidet med å gjere trygg på kvarandre og kjent med kvarandre.Denne timen handlar om å sjå verdien av å vere ulike og blir kjend med kvarandre sine like og ulike sider. Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&SånnDet du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Mangfald 2. trinn NN (PDF, 265 kB) ellerInstruksjoner for lærer - Mangfold 2. trinn BM (PDF, 271 kB)Puslespillbrikke (PDF, 77 kB) Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Sjå gjerne episodar frå Bli med heim som handlar om å kome frå andre kulturar: NRK Super - Bli med heim NRK Super - Bli med heimPå dette arket frå Amnesty er det 3 gode øvingar de kan bruke.Elevane kan få i oppgåve å snakke heime om kva opphav familien har. Kanskje lærer dei noko meir om seg sjølv?Har de elevar frå ulike land, kulturar og religionar i klassa? Kanskje har nokon lyst å fortelje eller vise noko til dei andre? Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Leik for å vise at mangfald er bra - sjå instruksjonsark til læraren Zmekk - Flere kulturer i Norge (trykk på oppfrisk-knappen for å få fram att bildet av filmen medan de snakkar om den.) Vi er som eit fint puslespel! - sjå instruksjonsark til læraren Litt Frosketid? Å inkludere andre i leik Når er dette lurt å kunne? Det er når du ser at nokon ikkje har nokon å vere med og er aleine. Då kan du gå bort til denne og spørre «Vil du vere med å leike?» Så venter du litt, og ser om den andre smiler og seier ja, og så kan de leike. Rollespel: Klassa held liksom på med ein leik (men kan fortsatt sitte stille på plassane sine). Ein elev kjem fram og står aleine framme ved tavla. Ein eller fleire elevar får kome fram og spørre eleven om denne vil vere med å leike. Stopp når elevane er framme for å invitere med, og gi eksempel på kva dei gjer som er bra. Kva gjer dei med kroppen? Korleis er dei i fjeset sitt? Spør elevane korleis det kjennes å bli invitert med, og korleis det kjennes å invitere. Sist endra 04.01.2024 15.48