Jenter og gutar, like og ulike Til læraren Denne timen om mangfald handlar om kjønn. Mest handlar den om likskapar og ulikskapar mellom jente og gut, men på slutten av timen ser de ein av to filmar som gjev utgangspunkt for å kunne snakke om at nokon gongar er ikkje kjønn heilt enten eller. Nokre barn kan kjenne seg meir att i det motsette kjønn, og kanskje vil ha på kjole sjølv om ein er gut, eller vil gjere typiske guteting sjølv om ein er jente. Dette er heilt greitt. Gutar og jenter kan vere veldig like kvarandre, og kjønn treng ikkje vere så viktig. Om vi tonar ned fokuset på ulikheiter mellom kjønna kan alle kanskje berre få finne ut sjølv kva som kjennes rett for seg? Mange vaksne er skremt av ei utvikling der ein del ungdomar no vel å bytte kjønn. For mange kan nok det vere naudsynt og rett. For andre ville dette kanskje ikkje vore naudsynt om ein uansett hadde fått leve og vere som ein kjenner seg, uavhengig av kva kjønn ein er fødd med?Det viktige når ein snakkar om dette temaet er at du som lærar har som utgangspunkt at det kan vere elevar i di klasse dette er aktuelt for. Det er bra om vi ikkje snakkar om dette som om det berre gjeld "nokon andre", men at det er ein del av vi-begrepet vårt. Dette temaet kjem att fleire gongar i Livet&Sånn. 9. trinn har ein heil time om kjønnsmangfald. Sjå gjerne i denne om du ønskjer å lære meir om temaet Kjønnsmangfald - Livet og sånn (livetogsann.no) Her finn du også lenke til andre side som gir kunnskap om temaet. Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&SånnDet du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Mangfald 4. trinn NN (PDF, 337 kB) ellerInstruksjoner for lærer - Mangfold 4. trinn BM (PDF, 321 kB)Oppgåve om kjønn for 4. trinn (PDF, 197 kB) eller Oppgave om kjønn for 4. trinn - BM (PDF, 50 kB) Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Bruk noko frå Linktillivet om kjønnsmangfald Kjonnsmangfold_LINK.pdf (linktillivet.no) Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet (samfunnsfag). reflektere over hvordan språkbruken vår påvirker andre, og hvordan vi tilpasser og endrer språket i ulike situasjoner (norsk). sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer (KRLE). samtale om hva menneskeverd, respekt, toleranse og samiske rettigheter betyr og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen (KRLE). Bruk eventuelt samme film uten musikk, teksta på bokmål. Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Sjå ein av desse to filmane om kjønn og likestilling:Likelønn: Har disse barna skjønt noe sjefen din ikke skjønner? Frå Finansforbundet Zmekk - Kjønn og likestilling / Norsk Sjå instruksjonsarket til lærar for aktivitet HollySiz - The Light (Clip officiel) Dersom de ser denne så forklar litt først kva som skjer i filmen slik at elevane veit at det skal gå bra på slutten. Litt Frosketid? Sist endra 09.01.2024 14.39