Vi er ulike inni oss og har ulike behov Til læraren Denne timen handlar om ulikheitene som ikkje synes så godt utanpå. Elevane er ulike i læringsstil, i grad av sensitivitet for lydar og stemning, ulike i aktiveringsnivå og i konsentrasjon. Samtidig skal alle helst fungere i omtrent heilt like forhald i klasserommet. Det går fint for mange, og er skikkeleg vanskeleg for andre. Som lærar kan det kjennast nesten umogleg å skape eit læringsmiljø som passar godt nok for alle dei ulike elevane i rommet.I denne timen vert elevane sjølve meir klar over kor ulike dei er inni. Og at det å vere ulike er heilt greitt. Det er ikkje ein måte å vere på som er rett og ein som er feil, men det kan vere slitsamt å upraktisk å vere rastlaus og aktiv, eller sensitiv og sårbar i eit klasserom. Samtidig kan det hjelpe at elevane som har det slik opplever at dei blir trudd og forstått på si oppleving av situasjonen.Det er mykje ein kan gjere for å tilpasse til ulike behov. Nokre elevar bør til dømes få sitte inntil ein vegg, eller ikkje bytte plassar så mykje. Andre bør ha moglegheit til å bevege seg i løpet av stillesittande læringsøkter. Nokre treng noko stille fingrane kan fikle med når ein skal lytte. Mange treng visuell støtte om kva som skal skje vidare i løpet av dagen. Kanskje får du nokre tips frå elevane i denne timen som de kan prøve ut? Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&SånnDet du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Mangfald 5. trinn NN (PDF, 310 kB) eller Instruksjoner for lærer - Mangfold 5. trinn BM (PDF, 313 kB) Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Bruk noko frå Å heie på mangfold frå LINK På godt og vondt - LINK (linktillivet.no)Bruk undervisningsopplegg om rasisme frå Redd Barna Sjå filmar frå NRK Super - Tema - Rasisme Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap (samfunnsfag). lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler (norsk). beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål (norsk). lytte til og forstå ord og uttrykk i tilpassede og autentiske tekster (engelsk). bruke filosofiske tenkemåter i samtale og undring (KRLE). utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer (KRLE). forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre (kroppsøving). Bruk eventuelt samme film uten musikk, teksta på bokmål. Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Aktivitet: dette passar godt for meg - sjå lærar sitt instruksjonsark. Sjå ei episode frå Sånn er jeg og sånn er det på NRK eller sjå filmen under.Utrolige ting kan skje! frå Amazing Things Project Being Different is Beautiful by LittleSikhs.com (Diversity Video for Children, Kids, & Schools) Meghan Trainor - Better When I'm Dancin' | One Voice Children's Choir Litt Frosketid? Sist endra 09.01.2024 14.42