Det å kjenne seg utanfor er ikkje berre skummelt eller vondt, det er også potensielt helseskadeleg og kan føre til enorme økonomiske og helsemessige konsekvensar for individet og samfunnet på sikt. Å jobbe for at alle kjenner seg inkludert i flokken er difor noko av det viktigaste vi gjer.
Denne timen handlar om kva elevane kan gjere for at ingen skal kjenne seg utanfor. Dersom det er elevar i klassa di som har det slik, er dette ein ekstra sårbar time for desse. Sjølv om innhaldet i timen er meint for at dei skal få det betre, kan timen bli vond for dei om dei opplever at elevane som vanlegvis ekskluderer, i timen seier alt riktig og får ros frå lærar. Etter slike timar er det difor viktig å følgje opp. Er elevane slik med kvarandre som dei seier dei bør vere? Korleis har eleven som har vore utanfor det no i etterkant? Har noko faktisk endra seg til det betre? Er det meir de vaksne kan gjere for å hjelpe?
Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn'.
Det du treng til denne timen:
Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet: