Denne timen handlar om mangfald i kjønn og seksualitet, mellom anna etter kompetansemålet i samfunnsfag der elevar skal kunne reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne. Dette er eit viktig tema, men kanskje ikkje noko alle er like vande med å snakke med elevar om.
Ungdomar i dag har ofte god forståing og mykje kunnskap sjølv om dette temaet. Det vanskelege kan vere for oss vaksne å "henge med" då det har vore stor endring siste åra i korleis ein tenker om dette store temaet.
Opplegget vårt skal i utgangspunktet kunne gjennomførast på ein slik måte at timen vert god både for deg som lærar og for elevane. Der er mellom anna ulike filmar du kan velje mellom, og du må sjå filmane sjølv før du vel kva du vil vise dei.
Det er også nokre andre ting det kan vere lurt å ha reflektert over før timen:
For det første bør du ha som utgangpunkt at ikkje alle elevane i di klasse er heterofile eller kjem til å ha det som seksuell legning. Kanskje har du også elevar i klassa di som ikkje identifiserer seg som det kjønnet dei er født med. Når vi tenker at dette temaet gjeld oss i rommet, og ikkje nokon andre, er det lettare for oss å uttrykke oss slik at alle vert anerkjent og inkludert.
Nokon elevar er opptatt av kor mange kjønn som finnast eigentleg, eller kva alle bokstavane i LHBTIQ står for. Nokon kan også gjere dette for å tulle eller provosere fram ein diskusjon. Det vi ønskjer å få fram er ei raus haldning der det viktige ikkje er å vere oppdatert på alle namn på kjønn og seksuell orientering, men haldninga om at alle menneske er ulike på svært mange ulike måtar - også innan kjønn og seksuell identitet. Dersom vi godtek andre menneske slik dei er, brukar dei personlege pronomena dei ønsker at vi brukar om dei, og viser at det som er viktig er at menneske får vere seg sjølv - då har vi kome langt.
Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn
Det du treng til denne timen:
Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet: