Eit av måla med Livet&sånn er å jobbe for innanforskap. Vi veit at utanforskap kan føre til mykje som ikkje er bra. Vi må få stoppa mobbing og rasisme, men klarer vi det om målet er å stoppe det? Kanskje må vi sette målet høgare. Jobbe for at alle skal kjenne seg innanfor, kjenne seg godtatt og kjenne tilhørsle. Klarer vi å kome dit at elevane opplever at det at vi alle er ulike er ein fordel?
Alle desse småtinga i kvardagen som vi knapt legg merke til eller tenker over, har mykje å seie for opplevd innanforskap. Når elevane seier dei treng ein blyant med «hudfarge» til dømes. Det er ein kjempesjanse til å spørre kva for ein hudfarge dei vil ha. Eller når barna skil mellom gut/jente i aktivitetar, fargar, klede eller anna. Då er det fort gjort å minne om at både jenter og gutar kan ha ulike og like preferansar for slikt, og at det ikkje handlar om kva kjønn ein er. Spør dei gjerne samtidig kva dei sjølv likar av fargar/leikar og aktivitetar som kanskje nokon tenker er meir typisk for det andre kjønnet.
Kan vi få kjønn til å bli mindre viktig? Her kan vi lære av ungdomane. Dei er ofte lite opptekne av kjønn, og har mykje meir fokus på kvarandre som menneske. Det ville nok vere bra for mange barn om vi hjalp dei til å lære dette tidlegare.
Eller kva kan vi gjere når nokon ikkje får vere med fordi aktiviteten/spelet/leiken berre har plass til så og så mange. Kan vi utfordre dei på korleis dette kan tilpassast slik at fleire får vere med?
Og når nokon ofte ikkje blir inkludert og barna forklarar dette utifrå handlingar eleven gjer, så kan vi lett forstå, og kanskje vere einig, fordi vi sjølv har lagt merke til det same. Men kan vi undre oss saman med dei litt? Kva er det dei gjerne vil at barn skal gjere for å passe inn, og er dette sunne/lure forventningar å ha? Ville det vere bra for eleven å gjere dette? Og er det noko vi kan gjere saman med eleven for å hjelpe han eller ho til å få det til? Det å hjelpe barn til å fokusere på kva vi ønsker frå kvarandre, i staden for kva vi ønsker at andre skal slutte med, kan vere til god hjelp seinare i livet. Då vert det også mykje lettare å legge merke til endring, og at den som forsøker å endre seg opplever at det hjelper å prøve.