Det viktigaste ein familie skal er å ta vare på kvarandre, vere glade i kvarandre og passe på at barn er trygge og får utvikle seg godt. Alle barn har rett til å ha det slik. Samtidig har det vel aldri før vore så mange ulike måtar å vere samansett på som familie. Familiebegrepet er ikkje lenger like lett å definere rett og slett.
I denne timen får elevane lære litt om familie før og no. Dette er eit stort tema som er mogleg å gjere mykje meir ut av om de vil jobbe vidare med temaet. Dei får gjere ei øving som handlar om å finne ut kva som er dei viktigaste funksjonane ein familie har. Dei kan teikne familietre/familiekart, men dette kan vere komplisert for enkelte, - kanskje kan det eigne seg som ei oppgåve å jobbe med heime?
Det du treng til denne timen:
Husk å lese Familie - for vaksne og sende lenke heim, slik at heimane også får bidra i temaet
I løpet av familie-teamet kan de gjerne også bruke økta om barnevernet fra Jegvet.no: Hva er barnevernet? / 5.-7. trinn / Jeg vet