Å vere lojal er oftast sett på som ein viktig og positiv eigenskap, men når det å vere lojal hindrar ein i å gjere noko som er viktig og bra for ein sjølv, er ikkje lojalitet berre bra. Mange born og unge kan oppleve å hamne i ein lojalitetsskvis, eller lojalitetskonflikt i familien sin.
Denne timen handlar om lojalitet. Og mest om det kompliserte med lojalitet. Det er viktig at barn veit at sjølv om det er bra å vere lojal, så skal det aldri gå ut over retten til å vere trygg og ha det bra.
For nokre av elevane dine vil dette temaet vere relevant på særskilt alvorleg vis. I følgje FHI blir eitt av fem barn lugga, knipe, rista eller slått med flat hand av ein forelder. Om lag eitt av tjue born opplever alvorleg vald. Mellom 10 og 20 % av jenter opplev seksuelle overgrep før fylte 18 år, blant gutane er talet noko lågare. Om du veit at teamet i timen er relevant for nokre av elevane dine er det fint om du informerer dei om innhaldet i timen i forkant. Og du bør også stille deg slik i rommet når de ser film at du kan fange opp eventuelle signal på at dette er vanskeleg for nokon, og følgje opp dette i etterkant av timen. («Det såg ut for meg som om det var litt vondt for deg å sjå filmen i stad. Det kan godt hende eg tok feil, men om det er noko du trur du burde fortelje til nokon, så kan du godt snakke med meg?»)
Det du må ta med til denne timen er:
Husk også å sjå Familie – for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn
I løpet av familie-teamet kan de gjerne også bruke økta om barnevernet fra Jegvet.no: Hva er barnevernet? / 5.-7. trinn / Jeg vet eller om retten til å vere seg sjølv Rett til å være deg / 5.-7. trinn / Jeg vet