Når elevane har om familie i Livet&Sånn ser dei temafilmen om kor ulike familiar er, og at det ikkje alltid berre er bra heime. Ein del elevar vil kjenne seg att i ulike ting i filmen og kjenner behov for å snakke med helsesjukepleiar eller andre vaksne om det etterpå. Fordi vi er tilgjengelege for elevane, og har tid til å prate med dei, får vi moglegheit til å bygge opp den tillita dei treng til å kunne fortelje oss det som er vanskeleg.
Når noko ikkje er bra heime, oppdagar alltid born og unge dette. Men når dei vaksne ikkje snakkar om det som er vanskeleg, trur borna at dei ikkje kan/skal snakke om det heller. Mange born og unge må ofte tryggast og vere i ein trygg relasjon med ein vaksen over tid, før dei tørr å snakke om det som er vanskeleg. Av og til treng born og unge ganske konkrete spørsmål, før dei tørr å snakke om det vanskelege, og dei treng å få høyre at dei ikkje er åleine om å ha det akkurat slik, og at her finst hjelp å få slik at familien og born og unge kan få det betre.
Mange barn går også rundt med bekymring for familiemedlemmar, og tek mykje hensyn og ansvar. Det er viktig at barnet får snakka om bekymringane sine, og at ein får avklart om familien har behov det ikkje er meininga at barnet skal dekke. Barn skal få vere barn, og så må vi som er vaksne finne ut saman korleis ein får familien til å ha det bra.
Helsesjukepleiar kan også ha samtalar med foreldre, eller hjelpe foreldre til å få hjelp av andre. Mange kommunar har gode tilbod til foreldre som treng nokon å samarbeide med ei periode for å finne gode måtar å vere foreldre på når livet er vanskeleg. Alle kommunar har ei barnevernsteneste som kan hjelpe foreldre og barn ved behov. Vi i skulehelsetenesta bidrar i dette samarbeidet om det trengs.