Det er stor forskjell på barn. Nokon er lette å få med på aktivitetar, nokon vil helst ikkje sitte stille i det heile tatt og andre vil helst ikkje bevege seg meir enn dei absolutt må. Slik liva våre er no er det mogleg å gjere det meste utan å bevege seg så mykje. Difor får vi ikkje automatisk nok fysisk aktivitet berre av å gjere det vi må. Og det er mykje som skal ha plass i tida som er att etter jobb og skule.
Det å sjølv vere aktiv og hjelpe barna til å vere nok aktiv, blir for mange prioritert vekk, sjølv om vi veit at vi burde velje annleis. Kanskje står valet mellom suring/dårleg stemning ved å bestemme eller la barnet få sitte og spele litt til? Når vi sjølve er slitne etter dagen på jobb er det ikkje så rart om vi vel den enklaste løysinga der og da.
Som foreldre ønsker vi det beste for våre barn, og det å vite kva som er best er ikkje alltid så lett. Vi vil dei skal vere glade og fornøgde og få lov til å gjere aktivitetar dei synes er viktige. Samtidig har vi ansvaret for å sjå lenger fram i tid, og tenke langsiktig på kva barnet vårt eigentleg treng i kvardagen no – for å fungere best mogleg både no og i framtida.
Akkurat her og no går det kanskje greitt å prioritere vekk aktivitet for meir tid på skjermen, men kva konsekvensar får det for søvnen deira, den fysiske og psykiske helsa deira, for læring og utvikling på skulen og for framtidsutsikter som vaksne?
Vi veit no at produksjon av beinvev og styrking av beintetthet primært skjer frem til 25 års alder, og at kroppen etter det tapar meir enn den klarer å bygge opp. Den viktigaste perioden for å skape grunnlaget for eit sterk og sunn kropp ser ut til å vere i 12-14-årsalder. Å hjelpe barn inn i ein kvardag som inneheld fysisk aktivitet er såleis ei gåve for resten av livet. Det er også medan barna vore vekst opp at vi kan påverke antal feittceller i kroppen til barna våre. Eit sundt kosthald og eit aktivt liv vil gjere det enklare for barna våre å ta vare på kroppen sin som vaksne. Når vi i tillegg ser at fysisk aktivitet har positiv innverknad på barn og unge si psykiske helse ser vi at det meste tilseier at vi bør prøve så godt vi kan å tilføre nok aktivitet i kvardagen!
Mange foreldre lurer på korleis dei kan avgrense nett-aktivitet og får råd om å avtale ei viss tid som kan brukast til nettaktivitet. Det kan fort medføre frustrasjon og krangling. Det kan vere lurt å gjere omvendt. Avtal med ungane at dei skal få bruke den tida som er att etter deltaking i måltid, lekser, evt fritidsaktivitet og ei avtalt tid med fysisk aktivitet (10-30 minutt?) er gjort – fram til leggetid. Då vert speletida ein positiv konsekvens av å ha gjort det andre ein skal først.
Det kan vere lurt å vere fysisk aktiv saman med barna. Gjere noko i lag. Det kan vere alt frå å lære dansar frå ein skjerm, rockering, hoppetau, trampoline, joggetur i nabolaget, sykle til butikken, badminton, aktivitetsløype i hagen til - kva som helst. Poenget er at det bør vere gøy dersom de skal klare å fortsette med det over tid.
"Å være aktiv" frå Rådet for psykisk helse