Takknemleg for å kunne hjelpe andre Til læraren Denne timen handlar om å kjenne seg heldig/takknemleg fordi ein kan vere saman med og vere til for andre. Barn kan ha mykje fokus på «kva får eg for det da?» og det å hjelpe dei til å legge merke til det ein får også når ein tilsynelatande ikkje får nokon ting, kan vere nyttig.I tillegg til det som ligg i timen kan elevane gjerne:få i oppgåve å hjelpe til med små oppgåve heime og på skulen og kjenne etter om dette gir dei glede.skrive takknemleg-dagbok, ei veke eller ein månad, til eit fast tidspunkt kvar dag. Kva er dei takknemleg for i dag?skrive ein ting dei er takknemleg for med kvarandre på papptallerkar festa på ryggen til elevane.lage rollespel om det å hjelpe kvarandre, og sette ord på korleis dette også kjennes bra for dei som hjelper andre. Sjå også Takknemleg - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn.Det du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Takknmleg 5. trinn NN (PDF, 301 kB) eller Instruksjoner for lærer - Takknemlig 5. trinn BM (PDF, 321 kB) Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer (KRLE) Overordna del: Aktuelle områder innenfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevaner, seksualitet og kjønn, rusmidler, mediebruk, og forbruk og personlig økonomi. Verdivalg og betydningen av mening i livet, mellommenneskelige relasjoner, å kunne sette grenser og respektere andres, og å kunne håndtere tanker, følelser og relasjoner hører også hjemme under dette temaet. Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Illustrasjonane under er frå filmen Takknemlighet og følelser illustrert av Kari Stai. Illustrasjonane er tidlegare brukt i boka Tankespinn frå Samlaget. Takknemleg for at vi er ulike Bruk til dømes denne som bakgrunnsmusikk. Ballade Pour Adeline - Paul de Senneville \\ Synthesia Piano Tutorial - YouTube Heldig er den som får hjelpe andre!2 Mins Short Gratitude Story for Kids | Help Others Value humanity and Time {Must Watch} frå Awesome Brain Gleda av å hjelpeMattyBRaps - Be Right There (Official Music Video) Pip | A Short Animated Film frå Southeastern Guide Dogs Sist endra 12.04.2024 13.28