Barn som pårørande - for vaksne

Å være pårørande kan påverke livet til barn svært mykje. Barn kan til dømes vere pårørande til søsken med store hjelpebehov, ha foreldre som er alvorleg sjuke, oppleve at familiemedlemmar døyr eller hamnar i fengsel. Slike ting vil oftast ta stor plass i familien, skape bekymring og uro og gi ulike utfordringar i kvardagslivet. Det vil alltid prege barna også.

Det å ha ein familiemedlem som får kreft eller dør i ei bilulykke kan vere annleis ein å ha ein som er rusavhengig eller har ei alvorleg psykisk liding. Kanskje er det lettare å fortelje om nokon typar kreft eller ulykke, enn å vere ærlig om rus eller psykiske lidingar?

Det er dumt for både barn og vaksne om det er slik. Avhengigheit-lidingar er ikkje meir sjølvforskyldt enn andre lidingar. Det hjelp ikkje å vere sint på den som slit, eller forvente at denne skal skjerpe seg. Rusmisbruk kan ofte starte som sjølvmedisinering når livet har gjort for vondt, og anna hjelp ikkje har vore tilgjengeleg eller har nytta. Skam, sinne og skyldplassering gjer det ikkje enklare å bli frisk.

Dersom vi vaksne kunne møtt kvarandre med haldninga «Kva er det i livet ditt som gjer at du treng å døyve det gjennom rus?» «Kva treng du for å klare deg utan?» «Eg er her for deg om du treng nokon å snakke med» i staden for å døme kvarandre og oss sjølve, då hadde det kanskje vore enklare.

Og det hadde vore enklare for barna til dei som slit.

Barn kan ofte ha blanda følelsar for foreldra sine som slit med rus eller psykisk helse. Dei er glade i dei, avhengig av dei, sørger, skammar seg, er sinte på eller anna.

Når vi møter barn som lever med foreldre som ikkje greier å vere gode nok foreldre no, fordi dei slit med helsa eller livet sitt, er det viktig at vi huskar å snakke om foreldra med omsorg og respekt. I lenkene under her finn du mange gode tips til korleis du kan snakke med barn som har det slik heime.

Ved middagsbordet heime kan vi godt tenke over korleis vi snakkar om dei foreldra som ikkje stiller opp på dugnadar, ikkje møter på trening, ikkje melder seg til oppgåver som klassekontaktar, ikkje inviterer andre barn med heim og slikt. Det er så fort gjort at vi dømmer i måten vi omtaler andre på. Kva veit vi om kva andre har i sine liv? Det er så mykje som ikkje viser utanpå av korleis vi eigentleg har det! Ja, alle har det hektisk, og det hadde vore fint om alle kunne bidrege like mykje i frivillig arbeid for ungane våre. Men alle kan ikkje det. Så heldige vi er vi som kan!

Det rettferdige er ikkje at alle stiller opp like mykje, det rettferdige er at dei som er heldige nok til å kunne stille opp gjer det, og at dei som faktisk ikkje kan og barna deira, får sleppe å kjenne på skam.

Vi som kjenner barn som er pårørande kan gjere mykje for å gjere kvardagen litt betre. Det er sjølvsagt viktig å snakke med barnet og finne ut om familien og barnet får den hjelpa dei treng når det er slik. Ofte får familien hjelp, men kvardagen fortsetter å vere krevjande og vanskelig likevel. All hjelp kan ikkje kome frå hjelpeapparatet, vi som fellesskap kan hjelpe kvarandre i tillegg. Praktisk hjelp med kjøring/henting på aktivitetar, invitere barn med heim på middag, eller med på ulike opplevingar, invitere med på felles bursdagsfeiring med andre barn i klassa, legge lista lavt på gåver og kleskoder og slike ting kan gjere livet betre for barn.

Livet meistrar vi best saman!