Barn som pårørande personalkurs

Ingen kan gjere alt for barn som er pårørande, men alle som har ansvar for barnet kan gjere sin bit. Dette personalkurset er ein kort introduksjon til BIT for tilsette i skolen.

 

Sjå filmen, set på pause og snakk med kvarandre om refleksjonsspørsmåla og sjå vidare:

 

 

Oppsummering av BIT etter filmen:

Illustrasjon av puslespelbrikker med teksta: Når du vert klar over at ein elev du har ansvar for er pårørande, er det fint om du gjer din BIT for at eleven skal ha det så bra som mogleg.   Det kan du gjere ved å: Bekrefte Informere Tole - Klikk for stort bilete

 

 

Illustrasjon av puslespelbrikke med bokstaven B og teksta Bekrefte. «Eg har fått vite de heime har det litt vanskeleg no.»  «Det eg har fått høyre er at …»  «Eg ville berre du skulle vite at eg veit det, og at eg forstår at dette også gjer noko med deg og korleis du har det.» - Klikk for stort bilete

 

 

Illustrasjon av puslespelbrikke med bokstaven I og teksta: «Det er vanleg å få vonde tankar og følelsar når det er sånn heime. Og desse kan også kome på skolen. Då kan det bli vanskeleg å konsentrere seg»  «Det er fleire du kan snakke med om sånt her på skolen. Vil du seie frå sjølv om du treng å snakke litt? Eller skal vi prøve å huske å spørje deg av og til?»  «Skal vi lage eit teikn som betyr at du er opptatt med desse tankane no, og finne ut kva du treng når dei kjem?» - Klikk for stort bilete

 

 

Illustrasjon av puslespelbrikke med bokstaven T og teksta Tole. «No ser det ut som for meg, at det er vanskeleg for deg, å gjere det klassa skal halde på med.»  «Eg forstår godt om du har det vondt, og om tankar og følelsar tek stor plass no.»  «Kva lurt kan vi finne på no for at du skal klare å vere med på det dei andre gjer?»       (Gi hjelpsame forslag.)  - Klikk for stort bilete

 

 

Illustrasjon av puslespelbrikker med teksta: Når du vert klar over at ein elev du har ansvar for er pårørande, er det fint om du gjer din BIT for at eleven skal ha det så bra som mogleg.   Det kan du gjere ved å: Bekrefte Informere Tole - Klikk for stort bilete