Seksuelle overgrep

  • I alle skoleklasser er det gjennomsnittleg ein eller fleire elevar som blir, eller vil bli, utsett for seksuelle overgrep i løpet av oppveksten.
  • Mange av overgrepa blir utført av nære vaksne.
  • Dei fleste barna klarer ikkje gjere motstand. Dei trur ofte at dette er noko dei må tåle, eller er redd for kva som skjer om dei seier frå og ventar i snitt i 17 år før dei fortel om det.
  • Overgrepa kan  få enorme konsekvensar i livet deira som barn, og gi høgare risiko for det meste av psykisk og somatisk sjukdom resten av livet.

Kva kan vi gjere med dette?

1. Forhindre at nye overgrep skjer.

Dette er vanskeleg for vi må nå ut til alle potensielle overgriparar med kunnskap og hjelp til å la vere å utføre overgrep. Overgriparar er heilt vanlege menneske, i vanlege heimar og i vanlege jobbar. Fordi vi ikkje veit kven vi skal nå ut til, må vi formidle kunnskap til alle.

Alle må vite at seksuelle overgrep ikkje kan forsvarast og at slike handlingar får store konsekvensar for barn og unge. Sjølv om barn kan sjå ut som dei inviterar til det, sjølv om dei ikkje klarer å gjere motstand, eller klarer å finne ein måte dei kan få overgrepa til å stoppe på, sjølv om det kan sjå ut som dei har glede av det – ER dette skadelig for barn, og må unngåast for ein kvar pris!

 

2. Få stoppa overgrep som er i gang

Barn som har opplevd overgrep har lært oss at det ikkje er uvanleg å tru at dette er normalt eller vanleg. Dei forstod at dette ikkje var noko ein kunne snakke om. I stor grad hadde dei også blitt trua frå å fortelle.

Vi må lære barn at seksuelle overgrep ikkje er lov – uansett kven som gjer det, og kva denne har sagt. Derfor må vi undervise om dette i skolen. Vi må gi dei mot til å kunne fortelje til oss kva dei har opplevd eller opplever. Vi må tru på det dei fortel. Vi må fange opp signal, be dei fortelje, stille opne spørsmål som kven, kva, når og korleis. Om det dei fortel gir auka grunn til uro, kontaktar vi helsesjukepleier, barnevern eller politi – dei veit kva vi bør gjere vidare.

 

3. Gi hjelp til dei som har opplevd overgrep

Nødvendig hjelp for å redusere skadeverknadar av overgrep er å få fortelje og bli trudd. Barn vil ofte sjølv oppleve seg skyldig og kjenne på skam. Det er avgjerande at skyld blir lagt til den som har ansvaret. Mange treng også terapi, eller anna hjelp og støtte.

Du som har, eller jobbar med, barn:

Snakk med dei, minn dei på at dei kan fortelje deg alt, at du vil tru på dei og hjelpe dei om dei kjem i vanskelege situasjonar!

 

Bruk gjerne dette personalkurset om vald og seksuelle overgrep