Forklaringar til innhaldet i timen:
Dette er eit sårbart tema så det er viktig med god planlegging:
1. Legg denne undervisningsøkta til ein time der elevar har moglegheit til å snakke med vaksne etterpå. Altså ikkje siste skuletime eller ein fredag. Ver to vaksne i klassa om mogleg, og informer helsesjukepleiar på førehand om når de skal ha denne timen i klassa.
2. Les teksta på sida til dei vaksne slik at du veit kva du skal gjere om elevar fortel deg noko du må finne meir ut av eller gå vidare med.
3. Dersom du har elevar i klassa som du veit har erfaring med dette temaet, gir du eleven informasjon på førehand om kva timen skal innehalde. Om eleven då ikkje ønskjer å vere tilstades i timen legg du til rette for eit trygt og godt alternativ for eleven denne økta.
4. Sjå alle filmane sjølv før du ser dei med elevane slik at du er mentalt førebudd på kva som kan dukke opp.
5. Det som ligg i undervisningsmaterialet til elevane her, er gjort så enkelt som mogleg av fleire grunnar. Ikkje alle er like komfortable med desse sårbare emna, og vi kan også rekne med at der er elevar i rommet som har eigenerfaring som dei helst vil klare å halde skjult medan timen varer. Det viktigaste er at elevane får sett filmane saman med trygge vaksne, og at dei har fått med seg nokre få punkt som du er med på å understreke etter filmane. Dersom de har med helsesjukepleiar, eller lærar er trygg og komfortabel med å jobbe med dette med elevane, så suppler gjerne frå anbefalt ekstramateriale.
6. Nokre av desse undervisningsøktene varer ikkje ein heil skuletime. Det er for å ivareta dei elevane som har eigenerfaringar med temaet. Når denne delen av økta er gjennomført fortsetter de med fag der elevane kan jobbe sjølvstendig slik at du som lærar har moglegheit til å gå rundt i klassa og ta ein tilstandssjekk. Slik kan du oppdage om nokon treng å få prate litt med ein vaksen aleine.
7. Dersom ein elev byrjar å fortelje om eigne erfaringar i klassa, stoppar du eleven venleg med å seie: «Kjempefint at du har lyst å fortelje. Men huskar du eg sa at når vi har om dette temaet fortel vi til ein vaksen og ikkje til heile klassa? Vi snakkast litt etterpå vi.» Sørg for å spørje eleven rett etter timen om de skal snakke litt saman, eller om eleven har lyst å snakke med helsesjukepleiar eller nokon andre. Det er svært viktig at eleven ikkje kjenner seg avvist, så spør eventuelt om att seinare, om eleven likevel ikkje ville fortelje noko rett etter timen.