I LK20 står det at barn allereie innan 2. trinn skal kunne samtale om følelsar, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan respekterast. Dette er noko av det vi skal jobbe med i denne timen.
Seksualitet kjem ikkje med puberteten, det er noko vi er fødd med. Det er normalt for barn å vere nysgjerrig på eigen og andre sine kroppar, også på ein seksuell måte. Barn skal vite at det er greitt å utforske eigen kropp, men at ingen andre har rett til å ta på barnet sin kropp på ein seksuell måte. Og barn har ikkje lov å utforske andre sine kroppar om den andre ikkje vil.
Elevane i klassa di kan ha veldig ulike erfaringar med dette temaet. Statistisk er det truleg at du kan ha elevar i klassa di som har opplevd seksuelle overgrep, og fleire av dei vil truleg oppleve dette etter kvart som dei vert eldre. Den kunnskapen dei får om kva andre har lov til å gjere med deira kropp er viktig for at dei kan klare å seie nei, eller/og fortelje til vaksne som kan hjelpe dersom dei opplever noko som krenker dei seksuelt. Det å ha eit språk for dette kan hindre overgrep.
Nokre elevar kan vise reaksjonar på innhaldet i filmen eller temaet. Det treng ikkje bety at dette angår dei personleg, men det kan bety det. Det er viktig at du kikar på elevane sine reaksjonar under filmen og er open for å fange opp om der er nokon du bør følgje opp etterpå: «Det såg ut som noko blei litt vondt for deg i filmen vi såg i timen? Er det noko du treng å snakke om? Kanskje syntes barnet berre det var ekkelt eller skummelt, og kan få gi uttrykk for det. Og kanskje representerer reaksjonen at det vart vanskeleg å halde på ein vondt hemmelegheit. Sjå Seksuelle overgrep - Livet og sånn (livetogsann.no) for fleire tips om dette temaet.
Denne filmen er laga til vaksne for å tipse om korleis ein kan jobbe med: Seksualitet hos barn og ungdom, informasjonsfilm - YouTube
Det du skal ha med til timen:
Instruksjonar for lærar - kropp 2. trinn NN.pdf (PDF, 275 kB) eller Instruksjoner for lærer - kropp 2. trinn BM.pdf (PDF, 277 kB)
Husk å sende lenke til heimane slik at dei også kan følge opp temaet heime! Her ligg sida til oss vaksne om temaet kropp.