Siste åra har vi fått meir kunnskap om gener si påverking av størrelse på kropp. Samtidig har vi lenge sett ei auking i barn og unge som slit med eige kroppsbilde. Fokuset på å vere tynn, leve sundt og sjå bra ut, har vore stort i media og sosiale media lenge. Og vi ser at det påverkar barn i ung alder. Også desse som berre er 3.klassingar kan ha negative tankar om eigen kropp. Korleis kan vi hjelpe dei å få eit godt forhold til kroppen sin?
Det er lite som gir støtte for at det å fokusere på vekt og størrelse er bra for barn. Barn har i svært liten grad moglegheit til å påverke kroppen sin gjennom eigen livsstil. Alle barn har nytte av å ete sundt og vere fysisk aktive kvar dag, men dette er først og fremst val vaksne rundt barna kan påverke og ikkje barnet sjølv. Og mange barn er overvektige sjølv om familien «gjer alt rett», fordi genene deira gjer dei disponert for det.
Truleg er det beste vi kan gjere for barn å trene dei i å fokusere på noko anna, hos seg sjølv og hos andre. Det store fokuset på å fortelje menneske at dei er fine, tynne, tynnare, finare, er ofte snilt meint, men samtidig ikkje så lurt. Kva med dei som aldri får slike kommentarar? Og kva veit vi om kvifor folk ser ut som dei gjer, og kva kommentarane våre kan vere med å forsterke? Kan vi hjelpe barn å unge å fokusere på noko som er enklare å påverke? Gode eigenskapar til dømes. Evne til å glede andre, få andre til å le. Det å vere snill og vennlig, få andre til å føle seg bra.
Det betyr ikkje at vi skal gløyme kroppen, men kanskje kan vi vere meir opptekne av kroppen sin funksjon enn korleis den ser ut? Kroppen gjer mykje for oss heile tida – utan at vi tenker over det. Kanskje kan vi trene oss på å sette pris på den?
Det du skal ha med til denne timen er:
Instruksjonar for lærar - Kropp 3. trinn NN.pdf (PDF, 223 kB) eller Instruksjoner for lærer - Kropp 3. trinn BM.pdf (PDF, 228 kB)
Husk å sende lenke til heimane slik at dei også kan følge opp temaet heime! Her ligg sida til oss vaksne om temaet kropp.