Sjølvbilde er dei tankane vi har om oss sjølv i dei ulike rollene og situasjonane vi er i. Sjølvbilde vårt blir i stor grad forma av dei vi er saman med, det vi «speglar oss i» av andre å samanlikne oss med, korleis andre ser på oss, kva andre seier og gjer – rundt oss, om oss og til oss.
Veldig mange slit med sjølvbildet sitt i periodar i oppveksten. Også det sjølvbildet som er knytt til kropp. Det å vere fin nok, tynn nok, sterk nok, stor nok, utvikla nok. Korleis kan vi hjelpe barna å tenke betre om seg sjølv i tida som kjem?
Det er truleg at ein del av våre negative tankar om eige utsjånad, heng saman med kommersielle krefter. Der er pengar å tene på å få oss til å føle oss mindre bra enn andre. Det er fint å bli medviten slik påverknad, men det hjelp truleg likevel ikkje enkeltindividet til å stå i mot, så lenge fokuset på utsjånad framleis er så innarbeida i oss frå vi er heilt små. Korleis kan vi snu ei haldning som har så stort rotfeste i befolkninga, og som pregar kommunikasjonen vår så mykje gjennom oppveksten?
Er det hensiktsmessig å prøve å avlære oss å kommentere på kropp? Slutte å fortelje kvarandre at vi er fine, tynne, tynnare, betre trena, brune, fine på håret…? Det skadar i alle fall ikkje å prøve å lære barn og vaksne å heller kommentere på positive eigenskapar hos andre, og på gode følelsar andre gir oss. Så i denne timen skal vi også prøve på det.
Noko av innhaldet i denne timen er likt innhaldet på 3. trinn. Elevane har truleg godt av repetisjon i dette viktige temaet.
Det du skal ha med til timen:
Instruksjonar for lærar - kropp 5. trinn NN.pdf (PDF, 303 kB) eller Instruksjoner for lærer - kropp 5. trinn BM.pdf (PDF, 307 kB)
- Det du eventuelt treng til øvinga du har valt for å gi kvarandre gode følelsar
Husk å sende lenke til heimane slik at dei også kan følge opp temaet heime! Her ligg sida til oss vaksne om temaet kropp.