Venskap er noko av det viktigaste i livet til barn og unge, og difor tek det også mykje plass i tankar og følelsar når noko med venner er vanskeleg. Elevar kjem ofte til oss for å snakke om ting dei tenker på om venner. Alt frå at ein føler ein ikkje blir likt, ikkje er like bra som andre, om konfliktar som er vanskelege å løyse, eller at ein er bekymra for venner som ikkje har det bra. Slike tankar kan ta plass som ein skulle brukt til læring og leik, difor er det fint at elevar får snakka om slike ting med oss eller med andre vaksne. Då er det mykje som kan ordne seg igjen.
Opplæringslova §9a seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Elevar skal ikkje bli utsett for utestenging, plaging, mobbing eller krenkande åtferd. Skulen har plikt til å setje i verk tiltak dersom nokon opplever dette. Helsesjukepleiar er med i tverrfagleg samarbeid på skulen, og kan vere med å jobbe med slike tiltak. Det er viktig at elevar fortel om det dei opplever med ein vaksen dei stolar på heime eller på skulen. Helsesjukepleiar kan vere ein slik vaksen. Vi kan bidra med samtalar med elevar, veiledning av føresette og lærarar, vi kan ha samtalegrupper eller grupper med ulike tema, eller vi kan vere med i undervisning med fokus på relasjonsbygging og venskap.
Det er mange tema helsesjukepleiar kan undervise elevar om, eller jobbe med elevar med i grupper. Vi kan mykje om vennskap og inkludering, om sjølvbilde, kvardagsmot, om å heie på kvarandre, om følelsar og tankar. Vi kan også vere med i nokre av Livet&Sånn-timane om lærar ønskjer det.