Har eleven din Livet&Sånn på skolen? Eller har du blitt invitert til temakveld med innhald frå Livet&Sånn? I så fall er det fint at du har funnet fram hit for å få vite meir om kva Livet&Sånn er.
Livet&Sånn er laga for å jobbe med læringsmål i temaet folkehelse og livsmeistring i ulike fag. Skolane kan bruke ferdige timar med elevane, og desse har variert innhald og er utarbeidd av fagfolk med ulik kompetanse innan psykiske helse og pedagogikk.
Elevane får variert og god opplæring innan mange viktige tema. Om det å vere trygg, om vennskap, følelsar, om kroppen, tankar, familie, mangfald, om det som er vondt og vanskeleg, om nettet, takknemlegheit og om fysisk aktivitet. Til saman håper vi at dette gir elevane viktig kompetanse for livsmeistring og helse.
Det at barn lærer om dette er sjølvsagt ikkje nok til å sikre dei å meistre livet eller få god psykisk helse. Livsmeistring skjer best i fellesskap og nære relasjonar med andre. Også den gode psykiske helsa kjem lettast når ein har det bra i relasjonane sine i kvardagen. Difor er alle vaksne rundt barn ei viktig målgruppe for Livet&Sånn. Dei vaksne på skolen, og dei vaksne heime.
Så korleis kan du bruke Livet&Sånn for å bidra i dette?
Alle tema for elevane har også sider for dei vaksne. Du finn dei ved å trykke deg inn på kvart tema, og bruke knappen Trygg – for vaksne, Venner – for vaksne og så vidare. Tilsvarande finn du inne på knappen om følelsar. Det er fint om du kikar på desse, og også gjerne det som er timen til eleven din. Kanskje er dette noko det også kan vere fint å snakke om heime?
I tillegg finn du alle temamøta for ulike trinn her. I kvar av desse finn du også ei lita tekst «til heimane». Sjå og bruk det du vil. Vi håper dette kan kjennast nyttig.
Husk at det handlar om å vere god nok – ikkje om å vere perfekt!