2. trinn: Trygt og godt skolemiljø Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 193 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Skriv gjerne ut slike til foreldra: Heimane er med å sikre godt læringsmiljø (PDF, 202 kB)Kjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Her er brosjyren Heimane er med å sikre godt læringsmiljø (PDF, 202 kB) Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet: Kva er viktig for vårt barn for å ha eit trygt og godt skolemiljø? Er det noko vi kan gjere for at vårt barn skal ha gode vennskap på skolen og fritida? Sjå filmen «Følelsar er til for å følast (validering)» og snakk om korleis de møter følelsar heime. Er dette noko de vil prøve å gjere meir av? Trene på? Hjelpe kvarandre å huske? Her kan du lære meir om temaet Skolebarn (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå. Hvordan møter vi vanskelige følelser hos barn på en klok måte? (psykologisk.no) juster deg til barnet - YouTube Hjem - Følelseskompasset (folelseskompasset.no) Møte følelser i barn - Følelseskompasset (folelseskompasset.no) RSA Short: Empathy - Brené Brown (brenebrown.com) Vanskelige følelser – slik kan du hjelpe barnet | Bufdir DRAGE I MAGEN, 2, HVORFOR Å FOKUS PÅ FØLELSER - YouTube Barns emosjonelle kompetanse: Hva burde voksne vite? - YouTube Blir det av og til litt mykje sinne i heimen? Sjå gjerne filmen "Sinte barn og sinte voksne" av Anne Hilde Vassbø Hagen: Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Heimane er med å sikre godt læringsmiljø (PDF, 202 kB) Sist endra 21.11.2024 09.59