3. trinn: Fornøgd med meg sjølv Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 134 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Skriv eventuelt ut denne oppgåva til foreldra: Oppgåve reparasjon (PDF, 141 kB) To kan dele ark.Kjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet Filmen om Sårbar og robust med god sjølvfølelse forklarer at det å styrke sjølvfølelsen er det viktigaste vi kan gjere for at barn skal kunne handtere det som er vanskeleg i livet. Kva tankar dukkar opp i deg når du ser denne filmen? Kjenner du deg att i noko av det? Korleis opplever du din eigen sjølvtillit, ditt eige sjølvbilde og din sjølvfølelse? Kva har forma det slik? Og korleis ønsker du at desse skal vere for at du skal kjenne deg trygg og god som forelder? Er dette noko du vil prøve å få til sjølv, eller er det lurt å finne nokon du kan prate med om dette? Har du opplevd ei forventning om å «tøffe opp barnet ditt»? Kva seier magefølelsen din deg om dette? I slutten av filmen kjem der forslag til setningar som styrkar sjølvfølelse. Inspirert av desse; kva setningar vil de prøve å bruke heime framover? Filmen Reparer relasjonen handlar om dei brota vi alle kan lage på relasjonane våre av og til. Vi seier eller gjer ting som kan bli vondt for andre. Når dette skjer i møte med barn er det alltid lurt å reparere. Ta ansvaret på oss sjølv, snakke med barnet, og vise at vi er lei for det vi har gjort, og at vi vil forsøke å unngå at dette skjer igjen. Reflekter aleine eller saman heime: Kva skal til for at du skal oppleve at ei unnskyldning har reparerande effekt? Korleis kjennes det for deg å seie unnskyld/reparere relasjonsbrot? Er det vanskeleg for deg eller går det greitt? Klarer du å sei unnskyld til barnet eller andre utan å legge til eit «men» som anten forklarer dine handlingar eller delvis legg skulda på andre enn deg sjølv? Korleis kan vi legge merke til at vi har gjort/sagt noko som treng å bli reparert? Korleis kan vi huske å gjere det på ein god måte? Her kan du lære meir om temaet Skolebarn (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå. Her kan du lære meir om sjølvfølelse: Hvordan styrke barns selvfølelse | Bufdir Hva er selvfølelse? - Voksne for Barn (vfb.no) Barnets personlighet | Bufdir Her kan du lære meir om reparasjon: Hvordan si unnskyld - Følelseskompasset (folelseskompasset.no) Si unnskyld til barna dine | Foreldrehverdag - YouTube å reparere det som har gått skeis, episode 10, folkOm å være forelder - YouTube 3 trinn til reperasjon, ep 10,5 folkOm å være forelder - YouTube Reparasjon - Å si unnskyld - YouTube Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Oppgåve reparasjon (PDF, 141 kB) Sist endra 22.08.2024 08.42